Ny næringsstrategi for Vestlandet

I dag lanserte dei tre vestlandsfylka ein felles næringsstrategi. Å få fleire Vestlendingar inn i regjeringa sine ekspertutval er ein viktig del av strategien, peikar Fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal, Per Vidar Kjølmoen (Ap) på.

– Sjølv i saker som er viktig for Vestlandet, så er vi underrepresenterte. Regjeringa må ta med fleire vestlendingar i utvala, seier Kjølmoen.

Fylkesvaraordfører i Møre og Romsdal Per Vidar Kjølmoen (Ap).
Foto: Trond Vestre / NRK