Hopp til innhold

Nesten all norsk møbelproduksjon har stoppa opp

Frå i dag av stoppar produksjonen av Stressless i Noreg. Over 1000 tilsette ved landets største møbelprodusent blir permittert til over påske. Situasjonen for norsk møbelbransje er dramatisk hevdar Norsk Industri.

Stressless Ekornes

Stressless frå Ekornes. Eit flaggskip i norsk møbelproduksjon.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Det er ein rar dag for Ole Andre Eikrem (45) som er servicemekanikar i Ekornes. Han og nokre få andre blir att og tel varer og ordnar diverse praktiske gjeremål, før fabrikken stenger heilt ned før helga.

Ole Andre Eikrem, arbeidar Ekornes fabrikker

Ole Andre Eikrem, servicemekanikar ved Ekornes i Sykkylven.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

– Det kjem til å bli veldig lange dagar, så vi må finne noko anna å styre med heime for å få tida til å gå, seier Eikrem. Også kona Anja Skram Eikrem jobbar ved hjørnesteinsbedrifta.

Dei har fått beskjed om at dei skal jobbe tre dagars veke etter påske, men Eikrem seier at det kan bli endringar undervegs.

Rammar hardt

I Sykkylven er Ekornes ei hjørnesteinsbedrift med 930 tilsette. Det som skjer med fabrikken får store ringverknader. Nær 8 prosent av arbeidsstyrken i sunnmørskommunen er no permittert eller utan arbeid.

I tillegg har Ekornes 70 tilsette på Grodås i Volda og 70 på Fetsund i Akershus som også blir permitterte.

Bygda husar også fleire andre store og mellomstore møbelprodusentar. Ved Brunstad AS og Formfin blir i alt 80 tilsette permitterte. Også ved Hjelle og Jarnes Møbler blir det permitteringar.

Brunstad Fabrikken

Møbelfabrikken Brunstad AS i Sykkylven. her blir 50 tilsette permitterte.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

70 prosent er permittert

Bransjesjef Egil Sundet i Norsk Industri Møbel seier at 2020 såg ut til å bli eit godt år for den norske møbelindustrien.

Bransjesjef Egil Sundet holder en stol.

Egil Sundet, bransjesjef for Norsk Industri møbel og interiør.

Foto: Kristian Hansen / Norsk Industri

– Ved inngangen til året var det lyse utsikter, men alt stoppa opp 12. og 13. mars. Då blei det nærmast ordretørke over natta. Bestillingane stoppa opp, og slik er situasjonen også ved inngangen til april, seier Sundet.

Ifølgje Sundet går ikkje folk i butikkane lenger og handlar.

Eit røft anslag Norsk Industri har gjort viser at 70 prosent av norsk møbelindustri er permittert, fortel Sundet.

Håpar tiltaka har effekt

Sundet håpar dei strenge verkemidla til styremaktene vil ha den effekten at samfunnet gradvis kan opne opp igjen, at marknaden kjem tilbake.

– Det som er avgjerande er at når vi kjem ut av denne krisa, så må bedriftene blir hjelpt så dei ikkje står med auka gjeld, og deretter vere mindre konkurransedyktige når det startar opp igjen, seier Sundet.

Han fryktar at det likevel kan bli konkursar i møbelbransjen som ein følgje av situasjonen landet står i.

Ole Andre Eikrem og Anja Skram Eikrem

Både Ole Andre Eikrem og kona Anja Skram Eikrem jobbar ved hjørnesteinsbedrifta. No blir begge permitterte.

Foto: privat

– Folk treng sofaer å ligge på

På dei 25 åra Ole Andre Eikrem har vore tilsett i Ekornes har han vore permittert ein gong. Det var på 90-talet og då tenkte han på permitteringa som ferie.

I dag når han sit med familie og hus, er bekymringane større. Han har likevel tru på at Ekornes skal klare seg gjennom koronakrisa.

– Folk treng jo gode lenestolar eller sofaer å ligge på. Det ser eg ikkje svart på, seier servicemekanikaren.