Hopp til innhold

Nominert til «Gullklypa»

Ina Giske (arkivbilde) frå Giske er blant dei seks nominerte som kan få prisen «Gullklypa» i år. Prisen blir kvart år delt ut av organisasjonen Hold Norge Rent, og går til ei eldsjel eller ein organisasjon som kvart år har gjort ein ekstraordinær innsats mot forsøpling.

Prisvinnaren blir kåra under Hold Norge Rent-konferansen 7. -8. mai. Om finalisten står det at Giske har jobba med formidling og kunnskapsdeling mot marin forsøpling av havet og i fjøra sidan 2017.

– Ho har inspirert store og små i ei årrekke til å rydde strender og nabolag for søppel, skriv Hold Norge Rent.

Ina Giske, plastfritt hav
Foto: Silje Bjerknes / NRK