Hopp til innhold

No kjem nesten ein forsmak på sommaren

Etter ein periode med vinterleg ver er det no klart for ein finversperiode i Møre og Romsdal. Temperaturane kan kome opp i 15 grader i neste veke.

Ålesund Moljegapet

Det har vore vinterlege forhold i Møre og Romsdal dei siste dagane. Men no kjem finvêret.

Foto: Steivor Tangen / Lesarbilde

Sjå på dette. Utdraget er henta frå Yr.no, og vi har tilfeldigvis vald ut Eidsvåg i Romsdal. Her reknar Yr med at det skal bli opp i 15 grader onsdag 3. mai. Men finvêret tek til alt til helga.

Yr Eidsvåg

Dette er frå vêrvarselet for Eidsvåg. Datoen er 3. mai 2017.

Det ser ut til å vere onsdag 3. mai som blir den aller varmaste dagen i vårt distrikt. Fleire stader skal få temperaturar langt over 10 grader. Men temperaturvarselet varierer temmeleg mykje.

Martin Granerød, statsmeteorolog ved Vervarslinga for Vestlandet

Statsmeteorolog Martin Granerød lovar høge temperaturar i Møre og Romsdal.

Foto: NRK

– Det er kanskje å ta litt hardt i å kalle dette ein smak av sommar. Men det blir temperaturar opp mot 13 – 14 – 15 grader mange stader. Dei som tek fri i langhelga som kjem gjer veldig lurt i det. Det blir kjempefint ver frå fredag og utover, seier meteorolog Martin Granerød til NRK.

Tysdag morgon låg imidlertid temperaturane i Møre og Romsdal frå minus ein grad til opp i fire plussgrader på målestasjonane som NRK Møre og Romsdal brukar i morgonsendingane sine.

Og det kjem til å halde fram med eit ganske varierande ver også i dag.

– Det er framleis vinterleg. Temperaturane ligg godt ned mot 0 grader. Fleire stader har minusgrader no i morgontimane. Akkurat no er det nordaust bris på kysten. Dermed held dei fleste byene seg ute i havet inn til vidare, seier Granerød.

Men ut på dagen snur vinden. I løpet av dagen kjem vinden frå nord/nordvest. Då kjem byene inn over land igjen.

– Det er ytre strok som kjem til å få mest nedbør. Men sola kjem til å kome fram mellom byene, seier Granerød.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL