Hopp til innhold

NM i klatring til Molde

Romsdal Tindegruppe og Moldeveggen har fått klarsignal til å overta NM i innandørs klatring i april neste år i staden for Florø.

Solveig Kosberg i Moldeveggen

Solveig Kosberg i 15 meter høyde Moldeveggen i Istadhallen.

Foto: Omar Sejnæs/NRK

Klatreforbundet har avgjort at arrangementet skal vere i den nye Istadhallen i Molde. 

Klatreveggen i Istadhallen er 15 meter høg og har eit overheng på 40 grader og er kanskje den flottaste og mest utfordrande i Noreg no.

 

 

 

Den nye klatreveggen i Molde er breiare og meir krevjande med fleire ruter enn klatreveggen i Florø, som eigentleg skulle arrangere meisterskapen, fortel Runar Carlsen i klatreforbundet til NRK.

Moldeveggen er breiare enn veggen i Florø og gjer det mogleg med 6 klassar og fleire ruter under meisterskapen i april, der det blir med mellom 50 og 60 klatrarar.