Hopp til innhold

Ni av ti turistar har forsvunne

Telefonstatistikk beviser dramatisk nedgang i talet på utanlandsbesøkande på dei mest populære turiststadane i Noreg.

Geiranger

MOBILNEDGANG: Statistikken til Telenor viser tydeleg korleis koronaen har øydelagd turistsesongen. Therese og Lutz Flöck er to av få som ringer heim til Tyskland denne sommaren.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vi har sett det og skjønt det. Men no har vi fått tala, svart på kvitt.

NRK har fått tilgang på Telenor sine statistikkar som viser kor mange turistar med telefon som er på dei mest kjente turistattraksjonane.

Trolltunga i Hardanger har hatt ein nedgang på 92.3 prosent i talet på utanlandske turistar frå juli i fjor til juli i år. I Geiranger på Sunnmøre er nedgangen på 91,5 prosent.

Turistbesøk juli 2020 samanlikna med juli 2019

Stad

Utanlandske mobilar

Norske mobilar

Vigelandsparken

Ned 70,1%

Ned 40,7%

Preikestolen

Opp 67,3 %

Opp 37,2%

Geiranger

Ned 91,5%

Ned 61,7%

Træna

Ned 11,1%

Opp 30,9%

Svolvær

Ned 56,8%

Ned 6,4%

Dyreparken

Ned 60,3%

Ned 36,1%

Trolltunga

Ned 92,3%

Ned 86,0%

Nidarosdomen

Ned 80,9%

Ned 3,9%

Tromsø Fjellstua

Opp 115%

Opp 145%

Nordkapp

Ned 67,3%

Ned 33,2%

Ekspander/minimer faktaboks
Petter-Børre Furberg

OPP OG NED: Adm.dir. Petter-Børre Furberg i Telenor Noreg gler seg over ein tydeleg auke i mobilbruken. men på dei typiske turiststadene går trafikken ned.

Foto: TELENOR

– I den totale trafikken har vi hatt ein auke på tretti prosent. Men nedgangen er ekstrem på dei typiske turiststadene, seier toppsjef i Telenor Noreg, Petter-Børre Furberg, til NRK.

Han tolkar dette som at mange har halde seg heime eller på hytta denne sommaren.

I Geiranger seier reiselivsaktøren Karl Øyvin Hjelle at han har hatt berre fem personar i arbeid i år, mot normalt seksten. Dette på grunn av det kraftige fallet i turisttilstrøyminga etter koronarestriksjonane.

Turistbygd utan cruiseturistar

Ingen cruiseskip har kome til sunnmørsbygda denne sommaren. På dei svingete vegane er det nokre få bilar å sjå, men nedgangen er tydeleg.

Karl Øyvin Hjelle, daglig leder Fjordbuda i Geiranger

KRISESOMMAR:– Det har vore ein rar sommar, seier Karl Øyvin Hjelle. Han sel suvenirar og bensin i Geiranger.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Til vanleg driv Karl Øyvin Hjelle med sal av bensin og suvenirar. Men no har han tatt på seg snikkarklede for å hjelpe til med oppføringa av nybygget til Geiranger Skysslag på fjelltoppen Dalsnibba.

Trass i at det mange dagar har vore fullt av nordmenn i turistbygda, har det vore ein veldig annleis sommarsesong.

– Sommaren har vore veldig rar. Vi har hatt ein del nordmenn i det siste, men ikkje nok til å redde sesongen, vedgår Hjelle.

Oppe på Dalsnibba er det lett å overhalde einmetersregelen. For på ein stad der det brukar å vere cruiseturistar i tusental er det denne dagen berre 15–20 personar.

Geirangerfjorden sett fra Geiranger

UVANLEG SYN: På Geirangerfjorden ligg det ofte to eller tre cruiseskip ein sommardag. I år er det tomt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Fine forhold for sykling

Syklister på Dalsnibba

BRATT SYKKELTUR: Syklistane har god plass gjennom svingane opp til Dalsnibba.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Blant dei er Lasse Gundersen og kjærasten Therese Kristiansen, som har sykla opp den 21 kilometer lange bakken opp frå Geiranger.

I år har dei kutta ut Mallorca til fordel for norsk sommar. Og angrar ikkje.

– Det er fint å sykle når det er så liten trafikk, seier Gundersen.

– Det er ein heilt rå natur her, legg Kristiansen til.

No er reiselivsaktøren Karl Øyvin Hjelle spent på korleis det utviklar seg i vekene og månadene som kjem.

– Vi skal greie å halde ut. Marerittet er om dette held fram også neste år, seier Hjelle.

Geiranger

PÅ KNE I SVINGEN: Ein ivrig hobbyfotograf slepp å tenke på einmetersregelen på utsiktspunktet ved Ørnesvingen i Geiranger.

Foto: Tore Ellingseter / NRK