Når det er fint vêr i Geiranger oppfordrar restauranteigar: – Ta med nistepakke

På fineversdagar kokar det i turistbygda Geiranger. Restauranteigar Kenneth Løken seier han må avvise opp mot 1000 gjestar kvar dag.

Folk i kø for å kjøpe mat i Geiranger

Det kom fleire besøkande til Geiranger enn turistnæringa venta.

Foto: Kenneth Løken / Privat

Ikkje eit einaste cruiseskip ligg i Geiranger, likevel er den vesle bygda full av turistar. I sommar er det norske turistar som vil oppleve verdsarvfjorden.

– Det er heilt ekstremt, seier eigaren av den vesle restauranten Brasserie Posten, Kenneth Løken.

Ta med nistepakke

Før ferien var turistbedriftene i Geiranger usikre på om det lønte seg å halde ope sidan utlendingane ikkje fekk kome.

No er problemet motsett. Det finst snart ikkje ei ledig seng å oppdrive og turistane står i kø for å få mat. I det siste har det vore opp mot 30 meter kø utanfor spisestaden til Løken. Då hjelper det ikkje å vere akutt svolten.

– Eg anbefaler å ha med ein god nistepakke, seier Løken. Restauranten er fullbooka dei neste to vekene.

Avviser hundrevis

Kenneth Løken i Geiranger

Kenneth Løken driv restaurantar Brasserie Posten i Geiranger.

Foto: Mari Gjørva / NRK

Han har plass til 80 gjestar samstundes, og tippar at han avviser mellom 500 og 1000 gjestar dagleg. Telefonen kimer i eitt sett. Pågangen er så stor at restauranten ikkje har tid til å verken svare på telefon eller e-post.

– Det er kjekt når etterspørselen er så stor, men det er synd at folk ikkje er garantert å få seg ein matbit, seier Løken.

40 prosent auke

Også ved den lokale daglegvarebutikken, Joker Geiranger, jobbar dei tilsette på spreng for å mate svoltne turistar.

– Vi smører bagettar så vi omtrent kappar fingrane av oss, ler kjøpmann Rune Maråk.

Butikken har auka omsetjinga med 40 prosent samanlikna med same veke i fjor. No har dei ei vakt ved inngangen av butikken, for å hindre at dei vesle lokala blir altfor fulle.

Redda av regnet

Roger Andersen i Geiranger

Roger Andersen frå Drammen hadde med seg mat i reserve, i tilfelle han ikkje skulle få plass på kafe.

Foto: Frode Berg / NRK

Roger Andersen frå Drammen er ein av mange tusen turistar som vil oppleve naturen i Geiranger. Han var spent på om familien fekk bordplass for å ete lunsj, men takka vere regnet slapp han kø.

– Vi har tatt med oss suppe i reserve-turmat, men vi fekk bord med ein gong, seier Andersen.

Korona får skulda

Tom Anker Skrede

Reiselivssjef Tom Anker Skrede gir korona skulda for dei lange køane.

Foto: DESTINASJON ÅLESUND & SUNNMØRE

Reiselivssjef for Sunnmøre, Tom Anker Skrede, gir korona skulda for dei lange køane. Det er mangel både på kokkar og serveringspersonell. Svært mange i reiselivsbransjen er utanlandske arbeidarar og dei har ikkje fått reist til Noreg.

I tillegg betyr smittevernreglane at både hotella og serveringsstadane kan ha færre gjestar enn før. Også i Ålesund er det stor rift om hotellsenger og restaurantar.

– Vi ser no på korleis vi kan auke kapasiteten både i Ålesund og Geiranger, seier Skrede.

Han støttar rådet til Løken om å pakke med seg niste.

– Det er alltid eit godt tips å ha med seg ein liten matpakke, seier Skrede.