Hopp til innhold

Nesten heilt gult i fjorden og fjøra

Det er uvanleg store mengder med pollen i fjorden og fjøra fleire stader i Møre og Romsdal.

Slevika

GULT: Eit stort område er gulfarga av pollen.

Foto: Frode Berg

I Slevika i Ålesund ligg det eit tett, gult lag både i fjorden og i fjøra.

Slevika

POLLEN: Slik ser det ut i Slevika i Ålesund.

Foto: Frode Berg

Verksemdsleiar Ingunn Osdal Stette for vatn og avløp i Ålesund kommune seier dei har hatt folk ute for å sjekke forholda i Slevika. Det ikkje er snakk om kloakk eller forureining.

Ingunn Osdal Stette

VERKSEMDSLEIAR: Ingunn Osdal Stette i Ålesund kommune seier det ikkje er snakk om kloakk eller forureining.

– Det er uvanleg at det flyt så mykje pollen i fjorden. Det har vore kjempevarmt. Alt har sprotte ut på veldig kort tid.

Du kan sjå at det ligg eit gult lag også på fleire bilar, seier ho.

Sjølv har ho sett at det er enormt mykje pollen i Ellingsøyfjorden.

Les også Store pollen­skyer fleire stadar i landet

Granpollensky