Hopp til innhold

Store pollen­skyer fleire stadar i landet

Fenomenet er eit resultat av varme sommardagar og har dukka opp hyppigare dei siste åra.

Karin Vatne har aldri sett noko liknande. Ho oppdaga pollenskya frå verandaen sin i Skjolden i Sogn.

– Det var ei veldig sky av pollen. Eg tenkte på dei stakkarane eg kjenner som har pollenallergi, fortel Karin Vatne om då ho såg pollenskya.

Då ho posta videoen på Facebook kommenterte folk frå store delar av landet at dei hadde sett det same. Frå Sogn og Fjordane, til Hardanger og Oslo.

– Gud og fader, brenn det oppi skogen, tenkte eg først, fortel Frøydis Haga.

Ho observerte ei liknande pollensky frå brygga i Vik i Sogn.

Men det viser seg at dette fenomenet ikkje er noko å uroe seg for, verken med tanke på skogbrann eller allergen.

Det er nemleg granpollen som svirrar i lufta, og dei inneheld ingen allergen.

Granpollensky

Fenomenet blei observert på fleire stadar i Sør-Noreg tidlegare denne veka. Her ifrå Vik i Sogn.

Foto: Frøydis Haga / Frøydis Haga

Kva er det?

Pollenkorn frå gran og furu er seks til sju gongar større enn bjørkepollen og kan difor observerast med det blotte auge, i motsetning til bjørkepollen.

Fine, varme vêrdagar som vi har no, gir oppdrift som gjer at pollena blir løfta opp og svevar over granskogen.

– Pollen er eigentleg planteverdas sædceller, forklarar Arne Steffenrem, forskar i Nibio og Skogfrøverket.

Når ein ser eit teppe av gul pollen på terrassar, hagemøblar, bilar og i vassoverflata er det nemleg ikkje bjørkepollen du ser, men pollen frå gran og furu.

I Sør-Noreg blomstrar både gran, og deretter furu, i mai og juni. I Nord-Noreg kjem blomstringa nokre veker seinare.

Pllen

I granpollenåret 2019 låg det eit lag med pollen på vassoverflata i Nordmarka i Oslo.

Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Difor er det så mykje i år

Det er nemleg granpollenår igjen, fortel Steffenrem. Granpollenår kjem vanlegvis kvart fjerde til tiande år. Men berre sidan 2018 har det vore tre granpollenår.

I 2019, 2021 og igjen i år.

– Høg sommartemperatur eit år triggar blomstring til neste år.

Når trea blomstrar produserer dei pollen som etter kvart losnar frå blomane.

Steffenrem vil ikkje dra parallellar til global oppvarming, men trur at vêrfenomenet El Niño har sin del av skylda.

Pollensky øst for Oslo

Pollensky i det fjerne, over granskogen i Oslo.

Foto: Åshild Hellebust Johnsbråten

Ingen allergenar i furu og gran, men eit teikn...

Hallvard Ramfjord, seniorforskar i Noregs astma- og allergiforbund (NAAF), fortel at ein ikkje kan få allergiske reaksjonar av pollen.

– Det kan i verste fall ha ein mekanisk irritasjon, dersom du får det rett inn på auget eller i halsen. Det blir i lik grad som til dømes husstøv.

Pollenallergikarar treng difor ikkje å uroe seg for desse store pollenskyene spesifikt.

Men pollenskyer frå gran og furu er eit teikn på at det også er gode forhold for den mindre synlege og meir plagsame pollenen.

Bjørkepollen blomstrar vanlegvis rett etter gran og furu, og det er det same varme og tørre vêret som gjer at den spreiar seg.

Bjørkepollen i Botanisk hage

Bjørkepollen kjem frå blomane på bjørka, og spreiast godt i tørt og varmt vêr.

Foto: Amanda Iversen Orlich / n650143

Kraftig pollensesong i år

– Det som er fint vêr for andre, er dårleg vêr for pollenallergikar, sei Ramfjord.

Kombinasjonen av fint vêr over 20 varmegrader og høg produksjon av pollen i bjørka gjer at spesielt Vestlandet får ein kraftig bjørkepollensesong i år.

– Det kan vere ganske dramatisk for mange pollenallergikarar.

Ifølge NAAF sitt pollenvarsel er det kraftig bjørkepollen i lufta i heile Sør-Noreg og Midt-Noreg desse dagane. Unntaket er i sentrale fjellstrøk. I Nord-Noreg startar pollensesongen i løpet av dei neste dagane.

– Når bjørkepollensesongen går mot slutten i Oslo, så har den ennå ikkje starta i Finnmark, fortel Ramfjord.

Les også Åtte tips for en mer behagelig pollensesong

Bjørkepollen

Hjelp å få for allergikarar, men ikkje alle nyttar seg av den

Ifølge NAAF har meir enn 20 prosent av befolkninga pollenallergi.

Allergien kan vere ei stor plage i kvardagen. Typiske symptom er kleiande, tette og rennande auge og nase. Mange blir også trøytte og ukonsentrerte som følge av allergien.

Det finnast mange hjelpemiddel, men ikkje alle nyttar seg av tilboda som finnast.

– Eg trur at mange ikkje er klar over hjelpemidla som finnast. Og at mange pollenallergikarar godtek å ikkje ha det heilt topp, sei Anna Bistrup, seniorrådgjevar helsefag i NAAF.

Ho trekk fram både vaksinar, medisinar og ein heilt ny nasegele. Den skal hindre pollen i å kome kontakt med slimhinnene i nasen.

– Mange pratar ikkje med fastlegen om problematikken. Det burde ein gjer, oppfordrar Bistrup.

Les også 1 million plages av pollen: Mener halvparten vil ha nytte av en liten tablett

Vaksiner mot allergi