Hopp til innhold

Slår alarm om havbruk: Nesten kvar fjerde fisk døyr i merdane på det verste

Norsk oppdrettslaks døyr meir enn nokon gong. Og oppdrettssjukdommar kostar no meir enn fôrutgiftene for næringa.

Oppdrettslaks

STADIG VERRE: Totalt døydde 92,3 millionar oppdrettslaks og 5,6 millionar regnbogeaure i Noreg i fjor.

Foto: NRK

Kvar sjette fisk i norske merdar kjem aldri fram til tallerken på kjøkkenbordet.

Fisken døyr i staden av sjukdommar knytt til stress, trengsel og lakselusbehandling.

Det kjem fram i årets fiskehelserapport frå Veterinærinstituttet.

Dødelegheita var i fjor 16,1 prosent for laks og 17,1 prosent for regnbogeaure. Begge tala er ein auke samanlikna med 2020 og 2021.

Dette gjorde at eit rekordhøgt tal oppdrettslaks gjekk tapt i sjøfasen i fjor.

Tapstal i den landbaserte settefiskproduksjonen er også høgt.

Totalt døydde 92,3 millionar laksar og 5,6 millionar regnbogeaure i fjor.

– Hovudårsaka er veldig intensiv produksjon, konkluderer det statlege instituttet.

Verst i vest

Det er framleis store geografiske forskjellar i dødelegheit i sjøfasen. Av dei tretten produksjonsområda er det området frå Sotra til Karmøy som kjem dårlegast ut, med 23,7 prosent.

I det oppdrettstette området frå Bergen via Hardanger til Haugesund døydde dermed nesten kvar fjerde fisk før den skulle slaktast.

Området frå Kvaløya til Loppa kjem best ut med 9,1 prosent.

– Ikkje moden nok

Administrerande direktør Torill Moseng i Veterinærinstituttet har tydelege krav til næringa og styresmaktene.

Det hadde ho også i fjor, då førre fiskehelserapport viste at rekordmange oppdrettsfisk døydde i norske anlegg.

Avdelingsdirektør Edgar Brun ved Veterinærinstituttet forsterkar kritikken.

– Dei må handtera situasjonen betre. Næringa er ikkje moden nok samanlikna med anna husdyrhald, ifølge Brun.

– Meiner du at næringa ikkje er vaksen og ansvarleg nok?

– Ja, eigentleg. Ungdommar gjer mykje rart. Men næringa byrjar å bli vaksen og då må me forventa større ansvar for fiskens helse og velferd.

Avdelingsdirektør Edgar Brun for fiskehelse- og velferd ved Veterinærinstituttet

Avdelingsdirektør Edgar Brun for fiskehelse- og velferd ved Veterinærinstituttet meiner at oppdrettsnæringa ikkje er berekraftig, og samanliknar næringa med umodne ungdommar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Sjukdommar kostar meir enn fôrutgiftene

Han viser til at oppdrettsnæringa no brukar meir pengar på å førebygga og behandla sjukdom enn på å kjøpa fôr.

Ein studie frå Norce frå 2022 syner at oppdrettssjukdommar passerte fôrutgiftene allereie i 2020.

– Det er ein tydeleg indikasjon på at helsesituasjonen er dårleg. Helseutgiftene har dobla seg dei siste ti åra. Næringa kan ikkje leva med at helsesituasjonen tar brorparten av kostnadane.

Brun meiner vekstmålet er problematisk.

– Dødelegheit og velferd er ein tapande part i den veksten. Helse og velferd skal og må vera føresetnad for produksjonsvekst. Me må få ei betre realpolitisk oppfølging av dei politiske godorda, meiner Brun.

– Må vurdera fleire tiltak

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) tok i mot rapporten tysdag. Han meiner at den viser at fiskehelsa ikkje går i rett retning.

– Det er for mykje sjukdom og aukande dødelegheit, seier han.

Kva då med regjeringa sitt mål om auka oppdrettsproduksjon?

– Me ønsker framleis berekraftig vekst. Dette er klimavenleg og helsebringande mat. Det skapar tusenvis av arbeidsplassar og store inntekter til fellesskapet.

Ifølge ministeren er næringa berekraftig, men dyrehelseutfordringane for store.

– Viss ikkje utviklinga snur, må me vurdera fleire tiltak, men me har eit strengt regelverk, ifølge Skjæran.

FISKEBÅT KONFERANSEN 2023, fiskeriminister Bjørnar Skjæran, AP

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) meiner at rapporten viser at fiskehelsa ikkje går i rett retning.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

«All time high» for fiskedød

Karoline Skaar Amthor, fagsjef for miljø og helse i Sjømat Noreg, meiner det er vanskeleg å snu dei aukande dødstala.

– Å forventa ei umiddelbar forbetring frå eitt år til det neste, er frykteleg ambisiøst og nesten urealistisk.

Ho konstaterer at lakselusbehandling og intensiv drift er viktige årsaker til aukande dødelegheit.

– Det er «all time high» for dødelegheit i oppdrett. Det er klart at det må me ta på største alvor. Me må sjå på kvifor det er slik på dei verste lokalitetane. Korleis skal me avdekka uakseptabel verksemd, og er me gode nok til å læra av feila våre? spør Amthor seg.

– Men de har hatt fleire tiår til å finna ut av dette?

– Ja, men det er eit langt lerret å bleika, og ganske komplekse, samansette problemstillingar som ligg i botn, seier ho.

Fagsjef for miljø og helse i bransjeorganisasjonen Sjømat Noreg er Karoline Skaar Amthor.

Fagsjef Karoline Skaar Amthor i Sjømat Noreg meiner at umiddelbar forbetring er urealistisk.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Les også Slår alarm om fiskedød: 54 millionar fisk mista livet før dei vart til mat

Laks svømmer i oppdrettsanlegg