Hopp til innhold

Nektar for drapsplanar

Kvinna som er tiltalt for drapsforsøk erkjenner framleis ikkje straffskuld i tiltalen, men har tilsått at ho ville gi rivalen juling.

Drapsvåpen
Foto: Eirin Aardal.

– Dette skulle eg aldri gjort, sa ho under rettsforhandlingane i dag.

28-åringen fortel at ho har hatt god tid å tenke på etter å ha sitte varetektsfengsla i omlag sju månader. Ifølgje kvinna er ikkje hatet mot den angripne det same lenger, sjølv om ho aldri kjem til å like ho.

– Eg har roa meg og gått vidare. Eg ville aldri gjort noko slikt igjen, sa ho i retten.

Deprimert

Ifølgje ei rettspsykiatrisk erklæring, som vart lagt fram for retten onsdag, er den tiltalte kvinna deprimert. Ho tek i dag medisin for dette, og får hjelp frå psykolog.

- Eg slit òg med søvnproblem og får ikkje sove utan medisin, forklarte ho.

Ho vedgår òg at det var dumt å dra den tiltalte 18-årige mannen inn i saka.

- Eg skjønar no at eg ikkje skulle dradd han inn, men han tilbaud seg og då var det lett å takke ja, forklarte kvinna.

Fiende

Ei god veninne av den tiltalte kvinna vitna også i retten. Ho fortalde at kvinna har hatt det svært tøft etter at besteveninna vart saman med hennar tidlegare sambuar og flytta inn på garden med han.

- Ho tok over heile livet hennar og ho såg naturleg nok på kvinna som ein fiende, sa vitnet.

28- åringen skal ha sagt til veninna at ho skulle banke rivalen, men aldri at ho skulle drepe ho.

- Ho kan vere ekstrem i munnbruken og har eit utruleg hardt språk, men valdeleg har ho aldri vore, forklarte vitnet.

Borna er alt

Den tiltalte kvinna har tre born og fortalde i retten at ho ikkje har sett dei meir enn to gongar i løp av dei sju månadane ho har vore fengsla.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL