Hopp til innhold

Nei til bompengar naivt

Bompengar er heilt avgjerande dersom store vegprosjekt skal få gjennomslag, og nei til bompengar er derfor naivt.

 

Det seier Knut Arild Hareide frå KrF, leiar for tranportkomiteen på Stortinget.

- Mi erfaring er at dei kommunane som seier nei til bompengar stiller lengst bak i køen når staten deler ut støtte til vegutbyggjing.

Ingen av oss liker bompengar, men alternativet er ja til bompengar eller nei til veg. Då er det betre å seie ja til bompengar, seier Hareide.

I dei tre største byane i Møre og Romsdal er det lagt fram forslag om store vegpakkar med bompenge­finansiering.