Hopp til innhold

Flammane sluker Slinningsbålet

Klokka 21.30 sette bålgjengen fyr på Slinningsbålet, til jubel frå dei frammøtte. I fjor sette dei verdsrekord, i år vil dei score på estetikken.

Slinningsbålet lørdag kveld

Klokka 22.30 står Slinningsbålet i fyr etter at det slokna att på første forsøket.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Slinningsbålet i Ålesund sikra seg plass i Guiness rekordbok i 2016 med sine 47,396 meter. Året etter er det hovudsakleg estetikken unggutane har konsentrert seg om. Men framleis kjem folk frå bygd og land, inn- og utland for å sjå det spesielle bålet.

Susan Massa og Erik Leeflang

Susan Massa (25) og Erik Leeflang (28) frå Nederland har sagt opp jobbane og selt huset for å reise rundt i Noreg i eit heilt år. Laurdagskvelden brukar dei ved Slinningsbålet saman med hunden Norah.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kjæresteparet Susan Massa og Erik Leeflang er to av dei somhar møtt fram.

– Vi prøvar å få med oss så mykje som mogleg av typiske norske, lokale skikkar, og eg trur dette er noko av det, Erik Leeflang.

Nesten 37 meter høgt

Årets trøytte bålsjef heiter Andreas Bekjorden. Han seier han trur bålet no er 36-37 meter høgt.

Bålsjef Andreas Bekjorden

Andreas Bekjorden er årets bålsjef. Han vedgår at han er trøytt, etter at dei heldt på langt frampå morgonkvisten laurdag for å bli ferdig.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Eg håper at det blir skikkeleg mykje liv, og at det kjem mykje folk, sa han laurdag ettermiddag. Bekjorden seier bålgjengen heldt på til 5-6-tida laurdag morgon for å bli ferdige.

– Eg er litt utsliten, eg går rundt og gjespar heile tida, ler han, men legg til at under rekordforsøket i fjor arbeidde dei 24 timar på slutten for å bli ferdige.

Båltradisjon i arv

Det skal ein heilt spesiell teknikk til for å klare å byggje eit jonsokbål av det formatet som har reist seg på Slinningen i Ålesund dei siste dagane. Tradisjonen går i arv over generasjonar.

Jan-Ivar, Marina og Viktoria Pettersen

Jan-Ivar Pettersen frå Folldal i Hedmark har tatt med seg kona Marina og dottera Viktoria til Ålesund for å sjå Sliningsbålet. Dei er imponerte over teknikken til bålbyggarane.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Jan-Ivar Pettersen frå Folldal i Hedmark er på plass laurdag kveld, og er imponert over bålet til gutane.

– Det er ikkje så enkelt å byggje det der, og tenkje på at dei står der oppe og løftar, det er jo heilt spektakulært. Det er heilt utruleg at det går an, seier han.

Han har tatt med seg kona og dottera for å sjå Slinningsbålet i levande live i år. Tidlegare har dei sett det på tv, til liks med svært mange andre både i inn- og utland.

Tryggleiken i fokus

Kvart einaste år møter folk opp i hopetal inne på land – og ute til sjøs. Også laurdag kveld ligg båtane tett rundt Slinningsodden. Men dette set også tryggleiken på prøve. Politiet ber folk vere varsame.

Operasjonsleiar Arild Reite

Operasjonsleiar Arild Reite ber folk respektere skiltinga når dei kjem til Slinningen laurdag kveld.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Folk må halde nødvendig avstand slik at dei ikkje blir skadde, seier operasjonsleiar Arild Reite ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Han oppfordrar alle til å respektere skilta som seier at folk må køyre på sørsida når dei skal til Slinningen, og nordsida tilbake.

Mange frammøtte ved Slinningsbålet

Tradisjonelt møter mange fram for å få med seg Slinningsbålet i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL