Hopp til innhold

Mykje svart i restaurantbransjen

56 prosent av dei tilsette i restaurantbransjen i Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka jobbar svart, viser ein kontroll som skattestyremaktene har utført.

Kokk

56 prosent av tilsette i restaurantbransjen jobbar svart, i følge skattestyremaktene.

Foto: Morten Karlsen / NRK

I Kristiansund jobba heile 81 prosent av dei kontrollerte svart.

Kontrollsjef ved Skatt Midt-Noreg, Britt Inger Ileby syns tala er illevarslande.

Britt Inger Ileby
Foto: Elisabeth Skarrud

Veldig høgt tal

- At dei er så høge som dei er her, det hadde me ikkje forventa, seier ho.

- Me hadde ein samanliknbar kontroll frå Trondheimsområdet i fjor. Då enda me opp med 40% uregistrerte arbeidstakerar, fortel Ileby.

Tilsvarande tal under kontrollen som er gjort no er over 50% for heile Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka, og over 80% i enkelte område, noko Ileby meiner er veldig høgt.

- Lettvint forhold til lover

Av dei 26 kontrollerte serveringsstadane her i fylket, var det berre ein restaurant som hadde meldt inn alle sine tilsette til Skatteetaten.

- Det seier vel noko om at det er dei aller fleste som ikkje har det i orden.

Ileby meiner dette seier sitt om haldningane til svart arbeid i bransjen.

- Sånn som det ser ut så langt, så tyder det på at dei har eit lettvint forhold til lover og reglar, seier Ileby.

Representativt resultat

- Det å betale ut svart løn får du ikkje til utan å ha svart omsetnad, dei to heng gjerne saman. Me tolkar dette som ein indikasjon på at det her er ein del svart omsetnad ute å går, held ho fram.

Ho trur at denne kontrollen gjev eit representativt bilete av bransjen, sidan veldig mange serveringsstader er undersøkte.

- Resultatet er ganske jamt over heile området, seier Ileby, og meiner at dette er eit teikn på at det er eit problem.

Kundane kan bidra

Konsekvensane for dei som blir tekne i desse kontrollane kan bli inndraging av skjenkeløyver. I tillegg skal det kontrollerast om dei som arbeider svart samstundes får utbetalt trygd.

- I Skatteetaten vurderer me ytterlegare kontrolltiltak, både fullstendige bokettersyn, og andre typar kontrollar for å følge opp resultatet av denne kontrollen.

Ileby meiner at også kundane kan bidra til å rydde opp i bransjen

- Kunden kan i alle fall vere bevisst på at dei får ei kassakvittering, og at dei tek med seg den kvitteringa ut når dei går. Det er det kundane kan gjere for å sikre seg at omsetnaden i alle fall blir registrert, er oppmodinga frå Kontrollsjef Britt Inger Ileby ved Skatt Midt-Noreg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL