Hopp til innhold

Mottok aldri drapstrugslar

Ordførarkandidat for Demokratene i Ålesund, Kaspar Birkeland trekkjer tilbake at han har motteke drapstrugslar.

Kaspar Birkeland

Listetopp for Demokratene i Ålesund, Kaspar Birkeland, trekkjer tilbake påstanden om drapstrugslar.

Foto: Privat

TV 2 hevda fredag at Birkeland sit sentralt plassert i et ekstremistnettverk med forgreninger til fleire land. Han sjølv seier at dette er reint oppspinn.

– Vi har fått drapstrugsler over heimetelefonen. Det har vore så ille at kona måtte søke dekning, sa Birkeland til NRK i helga.

I dag trekkjer han det tilbake og seier at verken han eller familien har blitt truga på livet.

– Det var ufine telefonar som vart oppfatta som trugande, seier Birkeland. Han vil ikkje utdjupe kva trugslane går ut på.

Birkeland ynskjer no ro rundt sin eigen person og i helga stille han til valkamp.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL