Hopp til innhold

Mona går til søksmål for å få erstatning etter å ha blitt forbytta som baby

I nesten 60 år levde vestlandskvinna utan å ane at ho blei bytta om på fødestova. No går ho til retten for å få erstatning for det tapet ho har lidt.

Mona ved Sognefjorden

GÅR TIL RETTSSAK: Mona vaks opp ved Sognefjorden, men høyrde eigentleg til ein annan stad langs havet. Historia hennar har vekt sterke reaksjonar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Vestlandskvinna Mona fekk aldri vekse opp hos sin eigen biologiske familie.

Det skuldar ho Herøy kommune og Helse- og omsorgsdepartementet for.

I dag sende advokaten hennar stemninga til Oslo tingrett, og dermed blir det etter alt å dømme rettssak.

Advokat Kristine Aarre Hånes

Advokat Kristine Aarre Hånes har sendt stemninga til tingretten.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Vi vil gå til sak fordi nokon må stillast til ansvar i dette grove menneskerettigheitsbrotet som har skjedd. Det har verken kommunen eller departementet gjort så langt og då er det opp til domstolen å ta ei avgjerd, seier advokat Kristine Aarre Hånes.

Dei har fått svar både frå Helse– og Omsorgsdepartementet og Herøy kommune om at dei ikkje erkjenner ansvar og då er neste steg å ta ut stemning for tingretten, seier advokaten.

Blei med feil mor heim

Mona meiner kommunen og staten har brote EMK-artikkel 8, jf artikkel 13, fordi ho først blei med feil mor heim frå fødestova, og seinare ved at ingen fortalde om det i ettertid.

NRK fortalde tidlegare i vinter den utrulege historia om Mona som blei forbytt på fødestova på Eggesbønes i Herøy. Utan at ho var klar over det, var kvinna som ho kalla for mamma slett ikkje hennar biologiske mor.

Men medan Mona var heilt uvitande, var det fleire andre som visste kva som hadde skjedd.

Sanitetshuset i Herøy i fint vårver.

Om lag 100 babyar blei fødde kvart år her ved sanitetshuset i Herøy på 50- og 60-talet. Nokre av dei blei forveksla.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Kan ikkje kommentere

Gamle dokument viser at det var den biologiske mora til Mona som først oppdaga kva som hadde skjedd. Då var dei forbytte jentene i tenåra. Helsedirektoratet konkluderte med å råde den biologiske mora til å la livet gå vidare.

Dermed fekk ikkje Mona vite at mora har leita etter henne. Heller ikkje kommuneleiinga i Herøy tok kontakt med henne.

Kommuneoverlegen som den gong heldt kontakten med direktoratet vil ikkje kommentere saka overfor NRK.

Fungerande kommunedirektør Sølvi Lillebø Remøy seier dei førebels ikkje har sett stemninga og førebels har lite å seie.

– Vi må sjå kva som står der, og så må både vi og advokat vurdere kva som kan seiast etter det, seier ho.

– Ville kommunen handtert ei slik sak annleis i dag?

– Det kan eg vanskeleg uttale meg om, det kan eg rett og slett ikkje kommentere, seier ho.

Helse- og omsorgsdepartementet seier at dei tar stemninga til etterretning.

Helse- og omsorgsdepartementet vil uttrykke forståing for den vanskelege situasjonen som har oppstått. At barn blei forbytt på fødestua er sterkt beklageleg, seier departementsråd Cathrine Marie Lofthus.

Sølvi Lillebø Remøy står i kvit skjorte og mørkeblå blazer framfor rådhuset.

Fungerande kommunedirektør Sølvi Lillebø Remøy i Herøy har førebels lite å seie om stemninga.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Helsedirektoratet har tidlegare beklaga feilen som skjedde.

Før jul beklaga divisjonsdirektør Helen Brandstorp.

– Til Mona vil eg beklage på det sterkaste. Eg blir rørt når eg snakkar om det, faktisk. Dette må vere ei veldig belastning for Mona, sa ho då.

Divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Helen Brandstorp.

Divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet har tidlegare beklaga feilen som har skjedd.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fleire forbyttingssaker

I ettertid har det vist seg at Mona ikkje var åleine om å bli forbytt på fødestova på Eggesbønes. Det var fleire babyar som kortvarig blei forveksla på fødestova.

Totalt 14 familiar skal ha vore involvert i ulike forvekslingar på 50- og 60-talet.

Leiinga i Herøy sanitetsforeining, som dreiv fødestova, seier saka har vekt oppsikt også i lokalmiljøet.

– Dette har heilt klart blitt eit stort samtaleemne i det siste. For det første begynner folk å tenkje sjølv om det er nokre av dei som er råka av det, og for det andre er det ikkje til å legge skjul på at det har blitt ein del diskusjon om kven forbytinga har skjedd med, sa leiar Olaug Andreassen til NRK før jul.

Olaug Andreassen

Olaug Andreassen er leiar i Herøy sanitetsforeining. Ho seier mange er opptekne av saka.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kutta kontakten

For Mona sjølv har saka blitt ei stor belastning. Ho har ikkje kontakt verken med den mora ho vaks opp hos eller den biologiske mor si. Begge fedrane er døde og ho sjølv har bestemt seg for å skifte namn.

Ho og advokaten har tidlegare kravd kommunen og staten for erstatning, utan å nå fram.

Etter alt å dømme blir det no rettssak.

Vi lar det vere opp til domstolen å bestemme beløpet, men det dreiar seg både om eit oppreisingsbeløp og erstatning for dei utgiftene og utlegga ho har hatt i saka, seier advokat Hånes.

I tillegg til advokatutgifter har kvinna skifta personnummer og dermed måtte skaffa seg nytt pass og førarkort.

Sanitetshuset på Eggesbønes, Herøy kommune

I rommet inst til høgre blei Mona fødd ein gong på 60-talet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Hei

Hei! Har du tips eller innspel, ta gjerne kontakt!