Forveksla babyar og kven som er kven har vore den store snakkisen i Herøy den siste tida. NRK fortalde nyleg om Mona, som blei forbytt på fødestova på Eggesbønes på 60-talet.
I ettertid har den eine etter den andre tatt kontakt med kommunen.
Totalt skal 14 familiar vere involverte.
– Dette har heilt klart blitt eit stort samtaleemne i det siste. For det første begynner folk å tenkje sjølv om det er nokre av dei som er råka av det, og for det andre er det ikkje til å legge skjul på at det har blitt ein del diskusjon om kven forbytinga har skjedd med, seier Olaug Andreassen.
Ho er leiar i Herøy sanitetsforeining, som dreiv fødestove på 50- og 60-talet.
Olaug Andreassen er leiar i Herøy sanitetsforeining. Ho forstår ikkje kva som er årsaka til alle sakene som no dukkar opp.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKSju saker på 50- og -60-talet
Det er saka om Mona som har vekt størst merksemd. NRK fortalde nyleg om kvinna som først etter 60 år oppdaga at ho ikkje vaks opp hos sin biologiske familie.
Men det viser seg no at det har vore ei rekkje kortvarige forbytingar på fødestova på Eggesbønes – både før og etter:
- 1952: Gerald Pettersen skal ha blitt forveksla med ein annan på fødestova. Ifølgje Pettersen måtte mora kjempe for å få sin eigen son.
- 1953: To babyar skal ha blitt bore inn til feil mor ved amming. Begge mødrene skal ha oppdaga forbytinga og protestert.
- 1955: Feil baby skal ha blitt påkledd henteklede i det mora skulle heim frå fødestova. Forbytinga skal ha blitt oppdaga før dei forlèt fødestova.
- 1958: Ein babygut skal ha blitt bore inn til feil mor ved amming. Ifølgje kommunen protesterte også denne mora umiddelbart, fordi ho ikkje kjende igjen jenta ho hadde fødd.
- 1963: Ein baby skal ha blitt bore inn til feil mor, dermed skal det ha skjedd ei kortvarig forveksling.
- 1966: Ei mor skal ha oppdaga at ho fekk inn ein ukjend baby.
Den tida var det vanleg at babyane låg på eitt rom ilag, medan mødrene kvilte. Ved mat og stell blei borna henta inn til mødrene. Det er i slike situasjonar fleire av forbytingane skal ha skjedd.
Det store samtaletemaet i Herøy den siste tida har vore forbytingane av babyar på fødestova.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKVil ikkje svare på spørsmål
Etter at saka om Mona blei kjent, har NRK fått tips om ei rekkje forbytingar av babyar over heile landet. Dei fleste er kortvarige, men nokre også lenger.
NRK har bedt Helse- og omsorgsdepartementet mellom anna svare på om sakene no bør granskast og om det bør setjast inn tiltak for å unngå at noko liknande kan skje i dag.
Departementet svarar ikkje konkret på spørsmåla, men skriv at vi kan sitere statssekretær Karl Kristian Bekeng slik:
– Eg har stor forståing og respekt for at dei råka i saka opplever dette som svært belastande og alvorleg. Vi har no mottatt eit varsel om søksmål og skal gjere ei grundig gjennomgang av saka. På noverande tidspunkt kan eg difor ikkje gje ytterlegare kommentarar, skriv statssekretær Karl Kristian Bekeng.
Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) svarar ikkje på om departementet no vil starte gransking av babyforbytingane.
Foto: Esten Borgos / BORGOS FOTO ASAvviser at det er gjort det med vilje
Kommunedirektør Trond Arne Aglen i Herøy har hatt ei hektisk tid etter at forbytingssakene begynte å dukke opp. Han forstår at folk stiller spørsmål ved om forbytingane kan ha skjedd med vilje, fordi det er såpass mange på ei fødestove.
Aglen avviser dette, og seier det kunne skjedd kvar som helst. Han seier undersøkingane til kommunen tyder på at ingen av babyane var merka. Han seier det viser at det var ei anna tid.
– Eg vil anta at tida var like eins andre stader i landet også. Det vil overraske meg om det ikkje finst liknande historier andre stader i landet, seier han.
Kommunedirektør Trond Arne Aglen seier at alle sakene no blir rapportert direkte til Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet.
Kommunedirektør Trond Arne Aglen seier kommunen rapporterer alle saker direkte til Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKHåper det snart er slutt
For sanitetskvinnene i Herøy har det vore tunge dagar. Leiar Olaug Andreassen kjenner personleg fleire av dei som er involvert i forbytingane.
Ho stadfestar at det var dårlegare rutinar for merking av nyfødde og få tilsette på fødestova på 50- og 60-talet. Ho har likevel vanskar med å forstå kva som har skjedd.
– Eg håper at alle kan hjelpe til slik at vi får fakta på bordet og får avslutta saka no. Og ikkje at vi må til med ei ny runde seinare, fordi vi ikkje har fått fram alt i denne omgang, seier ho.
NRK har bedt kommunen om kontakt med tilsette som tidlegare arbeidde på fødestova. Ingen av dei ønskjer å uttale seg om saka.
I ein tidlegare versjon sto det at fødestova blei driven av sanitetsforeininga i samarbeid med det offentlege. Så langt NRK kjenner til var Herøy sanitetsforening åleine om drifta. Dette er no retta.
Hei
Har du innspel eller tips? Ta gjerne kontakt!