Hopp til innhold

Hevdar kommunen prøver å skjule kva som skjedde då ho blei forbytt som baby

Mona trur nokon veit meir om kva som skjedde då ho vart skild frå familien sin. No håper ho å få svar i rettssalen.

Mona vaks opp i feil familie.

VIL HA SVAR: Mona har aldri møtt dei biologiske foreldra sine og tek det tungt. No har ho stemna kommunen og staten.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Vestlandskvinna Mona har aldri møtt sine biologiske foreldre. Som baby blei ho forbytt på fødestova i Herøy på 60-talet, og blei med feil mor heim. Eit slumpetreff gjorde at ho oppdaga det i fjor.

No har ho stemna både staten og sunnmørskommunen Herøy der forbytinga skjedde.

– Saksøkjer har blitt tildelt feil fødselsdato, feil personnummer, feil namn og har vakse opp i ein familie ho ikkje har biologiske band til. Ho har blitt frårøva sjansen til å vekse opp i sin eigen biologiske familie og til å ha kontakt med og bli kjent med desse, skriv advokaten hennar i stemninga til retten.

NRK kjenner den fulle identiteten til Mona, men har valt å bruke berre fornamn av omsyn til dei involverte.

Advokat Kristine Aarre Hånes

Kristine Aarre Hånes er advokat for Mona.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Sterkt kritisk til kommunen

I 1965 vart Mona og ei anna jente fødd med kort mellomrom på Eggesbønes.

Tidleg på 80-talet finn kvinna som fødde Mona ut at ho fekk feil barn med seg heim. Ei blodprøve viser at dottera ho trudde var hennar ikkje er det. Ho varslar styresmaktene.

For snart førti år sidan var det mykje diskusjon om saka. Dei gjer undersøkingar kring kva som kan ha skjedd og kven som kan ha vore det andre barnet som vart byta.

Konklusjonen vart til slutt at det beste var at dei lét saka ligge utan å varsle Mona.

Slik informasjon har Mona og advokaten hennar sjølv leita fram gjennom søk i arkiv og iherdig innsats.

Dei er sterkt kritiske til Herøy kommune si handtering av saka. Både korleis det vart handtert då, og korleis det vert handtert no.

For først hevda kommunen at dei ikkje hadde noko kunnskap om ei slik sak.

Det går fram av eit svar som er referert i stemninga:

«Som vi skreiv sist, så veit vi ikkje at det har skjedd ei forbyting av babyar, men vi har prøvd å finne ut av om det er andre som veit noko», skriv kommuneleiinga i brev til Mona 15. juni 2022.

– Vi reagerer på at kommunen prøver å unnskylde det faktum at dei ikkje har gjeve korrekt informasjon, seier advokat Kristine Aarre Hånes.

– Eg synest det er alvorleg at offentlege personar vi må forvente å ha tiltru til ikkje gjev riktige opplysningar.

Ho hevdar det har vore lite hjelp å få. Kommunen har heller ikkje ville møte Mona.

13 brev til og frå kommunen på 80-talet

NRK har lese brev-vekslinga om forbyttingssaka på Eggesbønes.

Sentral i den omfattande korrespondansen med Helsedirektoratet var den dåverande helsesjefen i kommunen, Bjørn Martin Aasen.

Av stemninga går det fram at det blei sendt 13 brev der Aasen var enten avsendar, mottakar eller på kopi i 1983, 1984 og 1985.

Likevel svarar kommunen i fjor sommar slik:

Du ber om å få tilsendt brev sendt frå Helsedirektoratet ved helsedirektør til Bjørn Martin Aasen, og Bjørn Martin Aasen sitt svar til Helsedirektoratet. Det er ukjent for oss, også Bjørn Martin Aasen, at det finst slik korrespondanse».

Bjørn Martin Aasen er framleis i arbeid for Herøy kommune. Han seier det ikkje er rett å kommentere saka overfor NRK.

Bjørn Martin Aasen

Dåverande helsesjef Bjørn Martin Aasen er framleis tilsett i Herøy kommune. Han ønskjer ikkje å kommentere påstandane frå Mona.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kommunen hevdar dei ikkje visste meir

Kommunedirektør Trond Arne Aglen i Herøy avviser at kommunen har ført henne bak lyset.

Han seier dialogen frå 80-talet først nyleg har blitt kjend for kommunen. Dei kjende den ikkje då Mona først bad om svar.

– Vi har snakka sant på på det tidspunktet. Det var det vi visste då vi gav henne dei svara. Det har på ingen måte vore forsøkt å skjule noko i saka.

– Har kommunen motiv for å ikkje snakke sant?

– Nei, ingen motiv. Vi har gjort det vi kan for å belyse saka, seier han.

– Kvifor skriv de at Aasen ikkje kjenner til korrespondansen når det har gått 13 brev fram og tilbake?

Det vil vi svare ut i samband med ei rettsbehandling. Men det var det som låg til grunn på det tidspunktet vi svarte Mona, seier Aglen.

– Men er det truverdig?

Det er i alle fall det som er fakta.

Ifølge kommunen har Aasen tidlegare sagt at han i dag ikkje hugsar noko frå saka.

Trond Arne Aglen

Kommunedirektør Trond Arne Aglen seier dei ikkje har forsøkt å føre Mona bak lyset.

Foto: Remi Sagen / NRK

Hevdar styresmaktene har brote menneskerettane

Mona meiner kommunen og staten har brote EMK-artikkel 8 fordi ho først blei med feil mor heim frå fødestova, og seinare ved at ingen fortalde om det i ettertid.

Mona seier gjennom advokaten sin at det er ein ekstrabelastning for henne at kommunen nektar kjennskap til saka.

– Når klienten min prøver å få informasjon får ho beskjed om at dei ikkje kjenner til ombytinger. Men når det kjem advokat på bana får vi litt etter litt sanninga fram.

– Kva motiv skulle Herøy kommune eventuelt ha for å skjule noko?

– Det er jo mykje som står på spel og for dei. Men det er både overraskande og skuffande at korkje kommunen eller staten erkjenner ansvar når det er heilt klare bevis for at ombytinga har skjedd. Og at dei seinare har forteia det som skjedde.

Staten, som også er saksøkt saman med kommunen, avviser kravet frå Mona. Regjeringsadvokat Kristoffer Nerland skriv i tilsvaret til stemninga at det ikkje er grunnlag for erstatning etter norsk rett.

No går det mot rettssak i Oslo tingrett i haust. Der vil Mona krevje erstatning etter eit liv i feil familie.

Babybilde av Mona

Mona vaks opp utan å kjenne dei biologiske foreldra sine. Først etter 60 år oppdaga ho kva som hadde skjedd.

Foto: Privat