Hopp til innhold

Molde kunne endeleg heve pokalen: – Noko vi har saman som vi aldri kjem til å gløyme

Det var lite spenning kring resultatet av kampen, men feiringa etterpå var uansett proppfull av kjensler for Eliteserie-meistrane i heimbyen.

Moldes Magnus Wolff Eikrem og Kristian Eriksen feirer etter eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Sandefjord på Aker Stadion.

Endeleg kunne Molde heve pokalen og sleppe jubelen laus.

Foto: Marius Simensen / NTB

Dei vann Eliteserien for lenge sidan, men i dag kunne jubelen endeleg stige opp over Aker Stadion i Molde.

– Det er alltid ei spesiell kjensle når ein får løfte ein pokal, seier Magnus Wolff Eikrem.

Det var kapteinen si skåring i 66. minutt mot Sandefjord som sende Molde inn i sin 16. strake siger sundag kveld.

Molde var sikra Eliteseriepokalen for lenge sidan, men det var først i dag dei fekk feire med pokal, medalje og hyllest frå publikum.

– Det er den beste kjensla du kan få når du held på med dette her. Det å vite det at du har nådd det målet som vi jobbar etter heile tida i Molde, seier 32-åringen.

Moldes Magnus Wolff Eikrem etter eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Sandefjord på Aker Stadion.

Eikrem har mange gull bak seg i karrieren, men i dag kunne han for første gong kle seg med tittelen eliteseriemeister.

Foto: Marius Simensen / NTB

Attende på trona

Då kampen mot austlendingane var over vart publikum verande på tribunen. Til applaus og jubel gjekk dei blåkledde sigersrunde. Ekstra mykje lyd fekk dei frå Tornekrattet på kortsida.

– Det gjer meg glad når vi får medaljane og får ta imot hyllesta frå publikum, seier trenar Erling Moe.

Som alle meiner han at dagens feiring av gullet er fantastisk. Men kampen mot Sandefjord som kom før kunne ha gått betre.

– Det er ingen kamp kvar vi skin eller kjem opp dit vi ynskjer å vere, men vi vinn no. Det er eit hardtarbeidande og desperat Sandefjord-lag som gjer det dei kan, men vi rir det av og det er ein god måte å syne at vi er med og at vi vil fullføre på ein skikkeleg måte, seier Moe.

No gler han seg over å snart kunne gje laget sitt ein lang ferie etter ein lang sesong.

– Eg trur alle kan sjå at vi er litt på tannkjøtet no, på stålet. Eg er ikkje av den meining at det å halde på å trene rett etter sesongslutt er ein veldig god ide. Då er gutane ferdige og då skal dei ha litt fri. Det fortener dei òg, seier han.

Molde-siger

Molde er attende på trona i Eliteserien.

Foto: Arne Flatin / NRK
Moe feirar eliteseriemeister

Erling Moe seier seg stolt over laget, om enn ikkje over alt dei har gjort denne sesongen.

Foto: Arne Flatin / NRK
Tornekrattet

Tornekrattet feira medaljane og pokalen med bluss og endelaus applaus.

Foto: MFK-styreleiar Odd Ivar Moen løftar pokalen / NRK
MFK-styreleiar Odd Ivar Moen løftar pokalen

MFK-styreleiar Odd Ivar Moen løftar pokalen. Bak er fotballpresident Lise Klaveness som var med på utdelinga.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det var godt å endeleg få løfte den

– Det er alltid ei spesiell kjensle når ein får løfte ein pokal, seier Eikrem.

Han har seks meisterskap bak seg, so han er ikkje ukjend med det å gå æresrunde og bli hylla av publikum.

– Det er jo det vi jobbar for konstant og vi ynskjer jo å få flest mogleg slike kveldar. Det er noko vi har saman som vi aldri kjem til å gløyme, seier kapteinen.

No har 32-åringen ei lang kontrakt i Molde – ut 2025. Han har trua på at det ikkje blir med berre gull og heider her heime.

– Vonleg kan vi halde fram i den stimen vi har vore i dei siste par åra og vere i toppen og kjempe om meisterskap kvart år.

No ser han håpefullt mot Champions League.

– Sjølv om vi veit at det kjem til å bli vanskeleg, so har vi ei moglegheit.

– So det betyr at du personleg framleis er svolten på meir?

– Ja det føler eg at eg har vist heile året, so det er klart, svarar kapteinen.

Molde-spillerne feirer med pokalen etter eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Sandefjord på Aker Stadion.

Molde fekk endeleg feire med pokal, medaljar og heider.

Foto: Marius Simensen / NTB