Hopp til innhold

Send heim med høgt blodtrykk, innlagt med hjerneslag dagen etter

Mannen blei send heim med svært høgt blodtrykk. No skal Statens helsetilsyn avgjere om eit hjerneslag kunne vore unngått.

Ålesund legevakt

Her, frå Ålesund legevakt på Åse, blei ein mann send heim med svært høgt blodtrykk. Behandling hadde blitt starta, men mannen burde kanskje vore innlagt, meiner fylkeslegen.

Foto: Frode Berg / NRK

– Vi tok imot ein klage frå pasienten og pårørande, og har valt å opprette ei tilsynssak på bakgrunn av dette, opnar Cato Innerdal til NRK.

Cato Innerdal

Fungerande fylkeslege Cato Innerdal fann grunn til å sende over saka til Statens helsetilsyn.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Saka har blitt oversendt til Statens helsetilsyn, som no skal avklare om legevaktslegen involvert har brote forsvarlegheitskravet.

Om Helsetilsynet meiner pasienten ikkje har fått helsehjelpa han har krav på, kan det kome ein administrativ reaksjon.

Dette kan vere ei åtvaring, tilbakekalling/avgrensing av autorisasjon og lisens, tilbakekalling av eventuell spesialistgodkjenning, tilbakekalling/avgrensing av retten til å rekvirere legemiddel i gruppe A og B eller ein suspensjon av autorisasjon eller retten til å rekvirere legemiddel.

Blodtrykk som innebar auka risiko

I sakspapira frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal blir det skrive at pasienten oppsøkte legevakta i Ålesund etter at heimesjukepleia hadde målt auka blodtrykk.

«Pasienten blei vidare undersøkt av «legevaktslegen» ved Ålesund legevakt, der ein under konsultasjonen målte tilsvarande blodtrykk som det heimesjukepleia hadde målt», blir det skrive.

Det blei avdekt ferske infarktforandringar og symptom og funn i samsvar med eit allereie ferdig infarkt.

Det blir skrive at blodtrykket til mannen utan tvil var så høgt at det innebar auka risiko for akutte hendingar.

– Tilfellet er at pasienten har blitt undersøkt på legevakta, behandling har blitt sett i gang og pasienten send heim, fortel Innerdal til NRK.

Tilstanden forverra

I løpet av det næraste døgnet blei derimot tilstanden til pasienten forverra.

– Han blei innlagt og det blei konstatert eit hjerneslag, seier Innerdal.

Problemstillinga som no står i sentrum er om hjerneslaget kunne vore unngått, eller om konsekvensane ved eit då eventuelt hjerneslag kunne vore langt mindre.

– Problemstillinga med så høgt blodtrykk som denne pasienten hadde, er at risikoen for hjerneslag er vesentleg auka. Dermed krevst det at ein tek høgde for det i si vurdering som legevaktslege.

I sakspapira blir det skrive at «utfallet av sjukegangen har vore alvorleg for pasienten».

– Men vi er ikkje kjende med kva problem dette har ført til for han i etterkant, seier Innerdal.

Kommuneoverlege Karsten Vingen

Legevaktssjef Karsten Vingen ventar på konklusjon frå Helsetilsynet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kravet til forsvarlegheit er skjerpa ved auka risiko for alvorlege konsekvensar for pasienten, står det i papira frå Fylkesmannen. Samla sett fanst det god grunn for å sende over saka til Helsetilsynet.

– I denne saka har vi funne grunn til å be Statens helsetilsyn vurdere om aktuelle legevaktslege har gjort jobben sin på ein tilfredsstillande måte, uttaler fungerande fylkeslege Cato Innerdal.

– Ventar på konklusjon

Karsten Vingen, legevaktssjef i Ålesund, seier at han ikkje har nokon kommentarar til saka slik den står no.

– Når Fylkesmannen har funne det rimeleg å sende saka over til Statens helsetilsyn, så gjer dei det for å få ei nærare vurdering, seier Vingen.

– Vi får vente på konklusjon frå Helsetilsynet, avsluttar legevaktssjefen.