Hopp til innhold

Mistenker at brann var påsett

Politiet mistenker at brannen i den gamle fylkesskulen i Vestnes i helga var påsett.

Brann Vestnes

Gamle Romsdal fylkesskule frå 1910 i Vestnes brann ned til grunnen i Vestnes laurdag morgon.

Foto: Kristian Kleiven

Det skriv Vestnesavisa.

– Sidan huset ikkje var kopla til straum, så må brannen ha oppstått på anna vis. Vi har tre unge personar i kikkerten som vi ønskjer å prate meir med. Men vi kan ikkje seie noko om brannen vart starta med overlegg eller ved eit uhell. Det står att å finne ut av, seier lensmann Jan Magnar Sandvik til Vestnesavisa.

Det er vitneobservasjonar, og tips til politiet i etterkant som har ført dei mot desse tre personane.

Brann ned til grunnen

Brannen i den gamle Romsdal fylkesskulen blei meld like før klokka 06 laurdag morgon. Ingen budde i bygninga som låg like ved Vestnes sentrum.

Brannvesenet kom raskt til staden, men bygninga blei fort overtent og stod ikkje til å redde.

Bygninga har stått tomt i mange år, men det er eit viktig kulturminne med skolehistorisk verdi, sa kulturhistorier Anne- Marie Førde til NRK i helga.

– Det finst mange flotte skulebygg, men isolert sett for Vestnes kommune så hadde dette historisk verdi, og det er veldig trist at det har gått tapt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL