Hopp til innhold

Miste livet i snøskred

Ein skiturist frå Tsjekkia miste livet då han vart tatt av eit snøskred i fjellet ved Standal i Ørsta søndag ettermiddag.

Tatt av skred ved Standal
Foto: Synnøve Hole / NRK

Den 21 år gamle mannen var på skitur saman med ein kamerat då skredet gjekk ved 15.50-tida søndag.

Uvanleg rute 

Snøskredet gjekk i Nøvedalen mellom Standal og Sæbø i Ørsta kommune. Det var kameraten som meldte frå til politiet, og ifølgje politiet kom raset då dei to var på veg ned att frå fjellet Sylvkallen. Dei to hadde valt ei uvanleg rute på nedturen frå Syvkallen, opplyser polititet. 

Den omkomne blei tatt av eit flakskred og ført 30-40 meter nedover før han blei dekt av snømassane. Styrkar frå Røde Kors, skredgruppa i Ørsta og eit Sea King-helikopter var med i redningsarbeidet. Arbeidet var vanskeleg fordi det var fare for at det skulle gå nye ras.

Stor skredfare

Den omkomne er frå Tsjekkia, og var på besøk på Sunnmøre. Politiet trur ikkje at andre personar er tatt av raset.

Politiet åtvarar mot stor skredfare i Sunnmørsfjella, men etter det dei veit, skal det ikkje ha vore andre turgåarar i området.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL