Hopp til innhold

MFK vil ha vårcupfinale som fast ordning, full fest i teltet dagen før finalen

Laurdag ladda MFK-supporterar opp til søndagens cupfinale mot Bodø/Glimt. Og leiaren i Tornekrattet vil ha vårfinale som ei fast ordning. – Det er godt å sleppe vinterjakka, seier han.

MFK-supporterar i teltet laurdag ettermiddag. Til høgre bak er leiaren for Tornekrattet, Ronny Stamsvik.

Godt humør for sentrale MFK-supporterar i Tornekrattet laurdag ettermiddag. Bak til høgre står Ronny Stamsvik som er leiar for Tornekrattet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ronny Stamsvik kom til supporterteltet ved Tordenskiold pub i Oslo laurdag ettermiddag, etter å ha køyrd frå Molde om morgonen. Men det tok ikkje mange minutta før han og dei andre sentrale supporterane i Tornekrattet var i god stemning. For denne dagen skulle nytast til fulle.

Molde-supporter Jack Flatset kosa seg i supporterteltet laurdag

Molde-supporter Jack Flatset er klar til finale og kosa seg saman med mange andre MFK-tilhengarar i supporterteltet laurdag.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Eg synest dette her er mykje betre, med ein finale på våren, det vert betre tilrettelagt for ein fotballfest på den måten. Når det er sagt skulle eg heller hatt kampen på laurdag enn søndag av omsyn til supporterane og reiseavstand.

Får støtte frå klubbdirektøren

Og Stamsvik får støtte frå klubbdirektør Ole Erik Stavrum i Molde FK. Han er nemleg litt usikker på om han vil tilbake til den gamle ordninga. I tillegg til argumentet med verforholda synest han det har vore perfekt å få spele teljande kampar i staden for treningskampar denne våren.

Med solbriller og eit breitt glis gjorde for øvrig Stavrum ein ekstra innsats laurdag. Han hjelpte til med å selje supporterutstyr til dei mange tusen MFK-tilhengarane som skal på Ullevål søndag.

Ole Erik Stavrum hjelpte til med å selje supporterdrakter laurdag

Klubbdirektør Ole Erik Stavrum hjelpte til med å selje supporterdrakter laurdag

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi må i alle fall evaluere kva folk synest etter kvart. Det er no ei fin helg i Oslo no i slutten av april med fin temperatur, og vi slepp å stå her i boblejakke, så eg har kanskje snudd litt i dette spørsmålet, seier Stavrum.

Fleire er uroa over at Ullevål kanskje ikkje vert utseld i år. Og at det kanskje er eit argument for å halde på den gamle ordninga med finale seint på året.

Stavrum meiner likevel at ein ikkje kan snakke om dei som ikkje er på kamp.

– Vi skal heller glede oss med alle dei som er her og få laga ein kjempefest for alle som har tatt turen. Det er det viktigaste.

Tornekrattet hadde ein fin dag i teltet ved Tordenskiold Pub som også er stampuben for Tornekrattet Øst. Kvelden vart avslutta på Rockefeller med omfattande program inkludert Di Derre på scena.

Di Derre på Rockefeller, MFK cupfinalefest

Di Derre på Rockefeller laurdag kveld på Molde FK sin cupfinalefest.

Foto: Christian Hagaas / Privat

Neerland skuldar meg eit NM

Ole Erik Stavrum har sjølv vore med å spele NM-finale for Molde, i 1989. Til og med to kampar. Det vil seie at ein omkamp er inkludert. Dette var før ein starta med at finalane skulle avgjerast på straffer.

Molde spele 2–2 mot Viking i første finale, og tapte 2–1 i omkampen. Og det Stavrum hugsar aller best var at hans lagkamerat og forgjengar som klubbdirektør, Øystein Neerland, bomma på ein stor sjanse på tampen av den første finalen.

– Eg vil påstå at Øystein skuldar meg eit cupmeisterskap, seier Stavrum.

Molde spelte sin aller første finale sju år tidlegare, mot Brann, og tapte 3–2.

Ny Stavrum sentral då det første gullet kom

Først i 1994 kom det første cupgullet og då var det ein annan Stavrum som var sentral for Molde. Arild Stavrum var ein av dei tre S'ane i MFK då og scora eitt av måla i 3–2 sigeren over Lyn. Ein kamp som også var spesiell fordi det var to 1.divisjonslag som møttest.

– Eg hugsar i grunnen best at vi reiste til Mjøndalen på treningsleir før finalen. Det var så mykje dårleg ver i Molde på den tida. I ein liten by som Molde kan det vere lurt å kome seg vekk frå alt fokuset det vert på ein slik kamp, trur Arild Stavrum, som bur like ved Ekebergsletta i Oslo.

Han har ikkje gløymd teknikken han hadde som fotballspelar og demonstrerer for oss ute på ei nesten heilt tom Ekebergslette.

– Teknikken er framleis bra, humrar han. Det er verre med alt det andre.

Arild Stavrum har framleis teknikken i orden. Han hugsar best at dei reiste til Mjøndalen på trenimgsleir før finalen i 1994.

Arild Stavrum trur det vert tøft for Molde å slå Bodø/Glimt

Foto: Arne Flatin / NRK

Etter cupgullet i 1994 tok MFK nytt gull i 2005 ved å slå Lillestrøm. Så kom det sure tapet for Aalesunds FK i 2009 på straffer. Deretter to nye NM-gull, i 2013 med 4–2 over Rosenborg i ein veldig underhaldande finale, så året etter med 2–0 over Odd i ein tilsvarande kjedeleg kamp.

MFK kan dermed ta sitt NM-gull nummer 5. Og Arild Stavrum er klar på kva som må til.

– Molde må unngå at Bodø/Glimt får spele sitt spel. Det såg eg tydeleg då Glimt slo Vålerenga nyleg. Molde må vere mykje tøffare i duellspelet enn det Vålerenga var mellom anna. MFK må rett og slett øydelegge for Glmt om kampen skal vinnast, trur det tidlegare Molde-esset. Som for øvrig meiner cupen bør halde på tradisjonen om å spele etter at serien er over, i slutten av november. Så får tida vise kva som vert fasiten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL