Hopp til innhold

Melding om droneflyging ved flyplass

Politiet melder at ein person skal ha flydd drone i forbodssona til Kvernberget lufthamn i Kristiansund. Ei patrulje frå politiet har kontroll på droneføraren, melder politiet. Dei har tatt dronen i beslag og opprettar ei sak på hendinga.

Dette er ikkje første gong at nokon har flydd drone for nær flyplassen. Fleire gonger tidlegare har det kome inn liknande meldingar til politiet.