Hopp til innhold

Meir pengar til turistvegar

Regjeringa satsar 30 millionar kroner ekstra på den nasjonale turistvegen mellom Geiranger og Trollstigen.

Video nsps_upload_2009_1_27_12_14_29_341.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Som ein del av den statlege tiltakspakken aukar no samferdselsdepartementet løyvingane til dei nasjonale turistvegane. Turistvegbudsjettet blir auka frå 100 til 160 millionar kroner. Halvparten av auken går til strekninga Geiranger - Trollstigen. Også Atlanterhavsvegen får auka løyvingar.

Gudbrandsjuvet, Valldal

Gudbrandsjuvet, Valldal

Foto: NRK Møre og Romsdal

Framskunda byggearbeid

Pengane skal brukast til arkitektursatsinga langs turistvegane. På strekninga Geiranger - Trollstigen betyr dette at arbeidet med to attraksjonsbygg ved Gudbrandsjuvet og på Trollstigplatået blir framskunda med eitt til to år.

- Kvifor satsar de halvparten av auken på Geiranger - Trollstigen?

- Styret for turistvegane har plukka ut nokre ikon, som dei kallar det, som skal brukast til å markere Noreg i utlandet. Av dei er dette det prosjektet som er kome lengst i planlegginga, og vi er interesserte i å få det ferdig så fort som råd, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Les meir under biletet!

Fiske på Atlanterhavsvegen

Fiske på Atlanterhavsvegen

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Trafikksikre fiskeplassar

Atlanterhavsvegen får tre millionar av ekstraløyvingane. Dette blir den statlege delen av det spleiselaget som går ut på å byggje ein trafikksikker fiskeplass på Myrbærholmbrua.

Dei nasjonale turistvegane er 18 utvalde strekningar frå Varanger i nord til Jæren i sør som Statens vegvesen skal utvikle til ein internasjonal turistattraksjon innan 2016.