Hopp til innhold

Oppryddinga etter Dagmar langt meir omfattande enn trudd

Heile 2012 og det meste av 2013 går med til opprydding for skognæringa. Snart eitt år etter ekstremvêret Dagmar står det igjen mykje opprydding.

Rotvelt

Skadane etter ekstremvêret Dagmar romjula 2010 var svært omfattande. I Møre og Romsdal vil oppryddingsarbeidet framleis stå på godt utover, og kanskje gjennom heile, 2013.

Foto: privat

For omfanget er langt større enn først trudd, kan fylkesskogsjef Harald Nymoen melde.

– Det er omtrent dobbelt så stort omfang som det vi gjekk ut med. Vi gjekk ut med 150.000 kubikkmeter skog som låg, og det viser seg at vi må doble talet til 300.000.

– Kvifor er omfanget større?

– Det er særleg skog rundt den vindfelte skogen som òg er skadd. Når vi skal inn og rydde opp så må vi få til skogkantar som står for neste storm.

– Då må ein ta litt meir enn det som er felt, seier Nymoen.

Harald Nymoen

Harald Nymoen, fylkesskogsjef i Møre og Romsdal, fortel at det vanskelege oppryddingsarbeidet står att.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Har trengt hjelp frå både nord og sør

300.000 kubikk med skog, nedlagt av uvêret i romjula 2010, utgjer to heile år med avverking av skog. For ryddearbeidet er tidkrevjande.

– Det tek tid fordi arbeidet er vanskeleg og det krev ei stor mengde mannskap for å gjere det.

– Men vi har fått god hjelp frå både Trøndelag og Austlandet for å ta det ut. Men når omfanget er større enn det vi antok, så må vi nok bruke ein del av 2013 òg, slår fylkesskogsjefen fast.

I augneblinken står det igjen det 100.000 kubikk med stormfelt skog. Det er derimot den «verste skogen».

Saka held fram under bildet.

Dagmar gir rekord

Ekstremvêret gav svært mykje skog, men prisane har blitt deretter.

Foto: Arkiv: Statens landbruksforvaltning

– Det vanskelegaste terrenget

For den lettaste skogen har blitt tatt ut først.

– Det er heilt rett. No handlar det om å få tilgang til den attverande skogen, med vegbygging og slikt. Det er det brattaste og det vanskelegaste terrenget som står det igjen.

– Det er stadane der vi har slite mest med å få utstyret til å drive skogen no i år.

I augneblinken har brorparten av dei som jobbar med skogryddinga drege heim. Først til våren kjem folk tilbake for å fullføre arbeidet.

Ikkje same utbytte

Berre eit fåtal av skogeigarane hadde forsikringar som dekka tapa etter Dagmar. Nymoen trur likevel det kan bli grei økonomi, både for eigarar og samfunnet.

– Men å ta ut skog som ligg som følgje av storm, det gir ikkje same utbytte som planlagt hogst på vanleg måte.

– Kva blir langtidsverknadene av Dagmar?

– Eg håper det blir positivt, og at skogeigarar ser at det er mogeleg å drive skog sjølv med skadane.

– Så må vi tenkje oss betre om når vi etablerer ny skog. Vi treng kantar rundt skogane som står betre og som toler sterk vind, presiserer Nymoen.

Skog statistikk

Sogn og Fjordane har blitt mest påverka av Dagmar. Møre og Romsdal følgjer på andreplass.

Foto: Statens landbruksforvaltning