Hopp til innhold

Torer ikkje lenger plante skog

Orkanen Dagmar gjorde store skader på skogen i Sogn og Fjordane. Uvêret i romjula i fjor har no skremt grunneigarane – dei torer ikkje lenger å plante meir skog.

Dagmar sine herjingar i Eid

TUSENVIS: Av tre måtte gje tapt for vinden under orkanen Dagmar i romjula i fjor. Mange stader er det usikkert om det blir planta nye.

Foto: Øystein Torheim

Då romjulsorkanen feia over fylket i fjor øydela den 350.000 kubikkmeter med skog. Oppryddingsarbeidet er endå ikkje ferdig, og vil gå for fullt også denne vinteren.

Skadane og problema i etterkant har gjort til at fleire grunneigarar no har mist trua på skogsdrift.

– Vi oppmodar til å plante skog igjen, men mange skogeigarar er ikkje interesserte i det, seier fylkesskogsjef Torkel Hofseth til NRK.no.

– Går glipp av store verdiar

Det er høgst uvisst kor mykje av skogen som forsvann under Dagmar som vil bli planta på nytt.

For i eit fylke med små, men mange skogseigedomar har fleire grunneigarar signalisert at dei ikkje vil satse meir på skog. Frykta for orkanar er ein av grunnane.

Det uroar fylkesskogsjefen som meiner samfunnet går glipp av store verdiar.

– Det er veldig synd. Samfunnet tener veldig mykje på at ein utnyttar ein del av areala i Sogn og Fjordane til å dyrke gran, seier Hofseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

Orkanskade på skog.

MILLIONAR: Uvêret øydela for millionar. Mange grunneigarar vil no ikkje plante opp att dei store områda som vart raserte.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Små teigar – delt på fleire

Han seier granskogen er verdifull.

– Opp mot 250 dekar med granskog har ein samfunnsverdi på nesten 20 millionar kroner, fortel fylkesskogsjefen.

Men dette er verdien ut frå eit sagbruk. Til grunneigaren snakkar ein om ein sluttverdi på 1 million kroner.

Dei fleste skogsteigar her i fylket er langt mindre enn 250 dekar og er ofte delt på fleire grunneigarar.

– Forståeleg

Styreleiar i Sogn og Fjordane Skogeigarlag, Ingunn Kjelstad, seier det er vanskeleg å få til satsing på skogsdrift.

– Det er forståeleg at skogeigarane i Sogn og Fjordane ikkje heilt veit kva dei skal gjere.

– Vi er eit ungt skogfylke, og dette er ny kunnskap for mange.

Vidare viser ho til at skog ikkje har vore det som har vore høgst på dagsorden her i fylket.

– Verken næringsmessig eller i landbruket generelt.

Meiner risikoen er liten

Men fylkesskogsjef Torkel Hofseth meiner det ikkje er grunn for grunneigarane å frykte orkanar og uvêr.

Av totalt 370.000 dekar med skog her i fylket forsvann 8500 under Dagmar.

Ser ein for seg to til tre slike stormar under levetida til eit plantefelt, betyr det ifølgje fylkesskogsjefen i snitt vel fem prosent risiko for å miste skogen.

– Det er jo ganske lite.

Kraftselskapa meiner mange øydeleggingar under uveret i jula kunne vore unngått dersom kraftlinetraseane hadde vore breiare. 
Tusenvis av tre knakk under Dagmar, og mange av dei hamna på kraftledningar og gjorde folk straumlause i dagevis.

PROBLEM: Kraftselskapa meiner mange øydeleggingar under uveret i jula kunne vore unngått dersom kraftlinetraseane hadde vore breiare. Tusenvis av tre knakk under Dagmar, og mange av dei hamna på kraftledningar og gjorde folk straumlause i dagevis.