Det vil gi den private klinikken ein kapasitet på totalt 21 senger, skriv Sunnmørsposten.
Sjeflege Finn Berset seier dei nye sengepostane skal brukast til rehabilitering av eigne pasientar og pasientar som kjem frå andre sjukehus og ventar på sjukeheimsplass.
I tillegg treng dei fleire sengeplassar for å auke talet på operasjonar.