Hopp til innhold

Medan skulebussane er fulle står desse ledige

Turbussar på Sunnmøre står tomme og får koronakompensasjon frå staten, samstundes som skulebussane er smekkfulle.

Sula rutebillag har sju bussar ståande parkert

Sula rutebillag har sju store bussar som står parkert. I tillegg har dei tre minibussar.

Foto: Oda Flatnes / NRK

Elevar i Ålesund slit med å forstå kvifor dei skal halde avstand til kvarandre på skulen når dei står tettpakka på skulebussen. Dei krev at fylkeskommunen sett inn fleire bussar, men får til svar at det er ikkje fleire rutebussar å ta av.

Trengsel på skulebuss mellom Ålesund og Borgund.

Slik ser det ut på skulebussen mellom Ålesund sentrum og Borgund vidaregående skole.

Foto: Remi Sagen / NRK

Blir provosert

Turbussane står derimot parkert på rekke og rad. Dei har ikkje oppdrag på grunn av koronapandemien.

Birthe Arntsen driv turbusselskapet Geiranger turbuss saman med mannen Torbjørn. Dei har fem bussar som står parkert, nokre i Geiranger og nokre i Ålesund. Ho fattar ikkje kvifor fylkeskommunen ikkje leiger dei inn.

– Eg blir provosert med tanke på smitte. Eg tenker det ville vore betre å ha oss i arbeid enn å betale støtte, seier Arntsen.

Fleire turistbussar får pengar frå staten fordi de i har mist inntektene sine.

Forstår ikkje logikken

Bertil Breivik i Sula rutebillag

Bertil Breivik i Sula rutebillag har fem store turbussar som kunne ha blitt brukt til skuleskyss.

Foto: Oda Flatnes / NRK

Sula rutebillag har sju store bussar som står stille, i tillegg til tre minibussar. Dagleg leiar Bertil Breivik forstår ikkje logikken og meiner desse bussane kunne ha blitt brukt til skuleskyss.

– Det er veldig rart at politikarane ikkje greier å sjå samanhengen i dette landet. Staten betalar ut store summar til turbusselskap fordi dei har bortfall av inntekt, seier Breivik.

Han meiner busselskapa kunne fått betalt for å køyre i staden, så hadde staten sloppe å gi støtte. Sjølv får ikkje hans selskap kompensasjon fordi dei har fleire bein å stå på.

Turbuss er naudløysing

Jesper Wiig i Fram

Jesper Wiig i fylkeskommunen seier at det er ei naudløysing å leige inn turbussar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Jesper Wiig seier at dei har om lag 400 bussar i dag og veit at det ikkje finst 800 i tilfelle ein skal doble kapasiteten.

– Vi har sjekka turbussmarknaden. Vi ser på bussane som ei naudløysing på stader der kommuneoverlegane seier det ikkje er tilstrekkeleg med dei generelle smittevernreglane for kollektivtransport, og det ikkje er aktuelt med tiltak som til dømes heimekontor og at elevane startar på skulen til ulike tider, seier Wiig.

Kvifor kan de ikkje sette inn ekstra bussar der de ser presset er størst?

–Vi har dialog med kommunar i heile fylket om kollektivtransport og smittevern. Det har vi også hatt med kommuneoverlegen i Ålesund. Vi følger deira anbefalingar om smittevern og om det er naudsynt med ytterlegare tiltak, seier Wiig.

Svært bekymra

Yngve Omenås rektor fagerlia videregående skole

Yngve Omenås er rektor ved Fagerlia videregående skole. Han seier de er bekymra for fulle skulebussar.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ved Fagerlia skole i Ålesund sit ei klasse med 28 elevar i karantene etter at ein elev har fått korona. Rektor Yngve Omenås seier at dei har god kontroll på elevane sine nærkontaktar på skulen, men på skulebussen finst det ingen oversikt.

– Vi er kjempebekymra, seier Omenås. Også elevar og foreldre er uroa for fulle skulebussar. Eleven som no er smitta har ikkje tatt skulebuss.

Kommuneoverlege i Ålesund, Olav Mestad, seier at kriseleiinga skal diskutere saka om fulle skulebussar fredag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL