Hopp til innhold

Politiet måtte stanse fyllekøyrar med makt

Etter lang tids biljakt på ein mann i 60-åra, køyrande med promille, måtte politiet gå drastisk til verks. – Bilen blei påkøyrt av tenestebil for å stanse vidare ferd.

Promillekøyrar stansa med makt

Promillekøyraren hadde køyrt frå ein campingplass i Molde, via ferjesambandet Sølsnes/Åfarnes, 14 kilometer til Isfjorden og sju nye kilometer til Åndalsnes. Der måtte politiet stanse bilen med makt.

Foto: Lars Smisethjell / Åndalsnes Avis

Det heile starta med ei melding til politiet i Nordmøre og Romsdal klokka 17.15.

– Vi fekk melding om ein personbil som køyrde ut frå Kriltorp campingplass i Molde. Det blei sagt at førar av bilen var svært rusa, og han skal ha køyrt inn i ei campinghytte, fortel operasjonsleiar Thorry Aakenes til NRK.

Ein patrulje i Molde blei sendt ut, og leita etter bilen, utan hell. Dette trass i at ein visste korleis bilen såg ut og identitet på den.

– Vi lukkast ikkje med å finne den i området. Men så blei vi varsla av mannskapet om bord i ei ferje, seier Aakenes.

– Identisk melding

Det var mannskapet om bord ferja mellom Sølsnes og Åfarnes i Romsdal som hadde merka seg ein svært rusa mann.

– Meldinga frå mannskapet og bilen om bord var identisk med tidlegare meldingar. Det var bilen vi allereie hadde leita etter.

Operasjonsleiaren kalla ut mannskap frå Rauma lensmannskontor som køyrde i hui og hast mot ferjekaia på Åfarnes.

– Bilen blei treft på mellom Isfjorden og Åfarnes, og politipatruljen la seg på hjul, fortel Aakenes.

Frå Åfarnes til Isfjorden er det nesten 14 kilometer, medan det er 7 kilometer frå Isfjorden til Åndalsnes – der turen til slutt stansa.

Saka held fram under bildet.

Promillekøyrar stansa med makt

Bilen blei stoppa i Åndalsnes sentrum like etter ei rundkøyring. Ingen kom til skade då bilane krasja.

Foto: Lars Smisethjell / Åndalsnes Avis

Fram og tilbake mellom køyrebanene

– Bilen er svært, svært vinglete og trafikkfarleg.

Bilen, med den rusa mannen, skal ha køyrt ofte over i motsette køyrefelt, og politiet hadde meir enn nok med å få varsla andre trafikantar.

– Det er berre flaks at det gjekk bra under biljakta, seier Aakenes.

Den vinglande bilen stoppa aldri, trass i gjentekne signal frå ein politibil med sirene og blålys.

– Då vi kom til Åndalsnes blei det avgjort at trafikken var så stor at noko måtte gjerast. Vi måtte stanse bilen med tvang.

– Ikkje torpedert

Bilen måtte stoppast med makt, og ein polititenestebil måtte køyre i sida på den vinglande bilen klokka 18.16.

– Det gjekk fint, bilen blei ikkje torpedert, men påkøyrt av tenestebil for å stanse vidare ferd, slår Aakenes fast.

– Påkøyrselen skjedde i Åndalsnes sentrum etter ei rundkøyring, så farta var såpass låg at vi tok han der. No har vi kontroll på føraren – som framleis er godt rusa, sjølv etter den lange køyreturen.

Ifølgje Åndalsnes Avis skal fleire born ha leika i området der bilen til slutt blei stansa.

Verken mannen eller politiet kom til skade i påkøyrselen, men det blei materielle skader på begge bilar.

Blir varetektsfengsla

Politiet er framleis på staden og mannen er arrestert.

– Staden blir no rydda, medan mannen blir tatt med til Molde, opplyser Aakenes.

– Der vil han bli varetektsfengsla. Det er svært uvanleg i promillesaker, men dette var såpass alvorleg. Det var så stor fare for liv og helse at vi tek han med inn, avslutta operasjonsleiar Thorry Aakenes.

Politiet opplyser like over klokka 19.00 laurdag at mannen er i 60-åra og ikkje heimehøyrande i Møre og Romsdal.

– Han er frå Telemark og er her på campingferie. Vi jobbar no med å sikre blodprøver og det vanlege, seier Aakenes til NRK.

– Mista førarkortet for tilsvarande forhold

Fredag kveld har mannen blitt varetektsfengsla i Molde, og operasjonsleiar Aakenes fortel at mannen vil bli avhøyrt når han er edru igjen.

– Så langt har vi ikkje fått prata med han i det heile.

Politiet opplyser også at mannen i 60-åra ikkje hadde gyldig førarkort.

– Han hadde ikkje gyldig førarkort, då han hadde mista det for tilsvarande forhold tidlegare. Han har køyrt i rusa tilstand før, seier Aakenes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL