Hopp til innhold

Måtte jage ut kjærasten til dottera

Ein alkoholpåverka 19-åring i Kristiansund var kanskje vel elskhugssjuk, og nekta å forlate heimen til kjærasten sin. Då ringde pappaen hennar til politiet.

Jakkemerke på politiuniform
Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

I 02-tida natt til søndag fekk Nordmøre og Romsdal politidistrikt telefon frå ein frustrert tenåringspappa i Kristiansund.

Han hadde nemleg gitt klar beskjed til den 19 år gamle kjærasten til dottera si om å forlate heimen. Det var seint og den unge mannen var dessutan påverka av alkohol. Men 19-åringen nekta plent å forlate staden.

– Faren gjorde forsøk på å jage ut mannen, men til inga nytte. Dermed måtte han ringe politiet. Då vi kom, skjønte han nok alvoret og forlèt huset til fots, seier operasjonsleiar Jan Helge Kjøl.

Sjølv om han tok seg saman då politiet kom, kan det vere at han har gjort uoppretteleg skade på framtidige familieband.

– Han har lagt seg ut med den komande svigerfar sin. Det er nok ikkje så lurt nei, seier Kjøl.

Måtte forlate sentrum

Det var ikkje berre 19-åringen som ikkje forstod si vitjingstid i Kristiansund natt til søndag. Blant anna var det ein kar i 20-åra som ikkje oppfatta at klokka var 02.30 og byen var stengt.

– Han ville inn att på ein restaurant som var stengt, og nekta å gje seg på det. Då vart han heller vist bort frå staden og sentrum av politiet, fortel operasjonsleiaren.

To menn i 30- og 40-åra vart også vist bort frå Kristiansund sentrum etter dei slost på ein utestad og øydela delar av inventaret.

Høglydt fyll

I 04-tida fekk ein mann i 20-åra beskjed om å dempe musikken i leilegheita si etter klagar frå naboane i Kristiansund.

I Sunnmøre politidistrikt var det få hendingar natt til søndag. Forutan ein person som vart sett i arresten etter fyllebråk i sentrum av Ålesund i 02-tida, var politiet stort sett på dørene for å be folk om å dempe musikken på heimefestane sine.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL