Hopp til innhold

Måtte bu på gata i 3 døgn

I tre døgn måtte kameratgjengen frå Madrid bu på gata i Ålesund. Først då klarte Hertz skaffe ny leigebil.

Måtte bu på gata i tre døgn

Etter tre netter utelåst frå bilen sin klarte Hertz å ordne opp.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Då kameratgjengen kom til Ålesund gjorde dei sin livs største tabbe: dei miste nøkkelen til leigebilen. Det tok Hertz tre døgn å hjelpe dei, og desse døgna budde dei stort sett ute.

- Vi har hatt nokre tunge stunder på grunn av regnet, seier Santiago Garcia Arias frå Madrid. Onsdag kom han og tre studiekameratar til Ålesund. Allereie dagen etter skulle dei vidare på noregsferien sin, men slik blei det ikkje.

Spanjolar jublar

Denne festen kosta dei dyrt...

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Les også:

Miste nøkkelen

For dei fire spanjolane gjekk onsdag kveld ut på byen for å sjå semifinalen mellom Spania og Tyskland. I sigersrusen etter kampen klarte dei å misse nøkkelen til leigebilen, og dermed var dei verre ute enn dei kanskje hadde trudd.

- Det er heilt utruleg at Hertz ikkje klarte å hjelpe oss før etter tre døgn. Dei er totalt inkompetente, seier Lucas Martinez Bellido etter endå ei natt utelåst frå bilen.

Lånte ullteppe

Sov på isoporplater i parkeringshus

Ei natt forsøkte spanjolane å sove ute i eit parkeringshus. Det blei for kaldt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Hos Rica Parken Hotel i Ålesund fekk dei låne ulltepper, og den siste natta fekk dei også overnatte i tv-stova til hotellet. Kameratane fortel at dei to andre nettene var kalde.

- Ei natt låg vi ute i parken i byen, den andre natta forsøkte vi å sove på isoporplater inne i eit parkeringshus like ved der bilen sto parkert. Det blei kaldt, så vi flytta oss, seier dei. Av tilfeldig forbipasserande fekk dei kaffi og tilbod om ein varm dusj.

Open på få sekund

Redningsmannen frå Viking

Bilbergar Geir Andersen brukte nokre få sekund på å opne bildøra.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Men laurdag ettermiddag kom omsider hjelpa: ein tauingsbil frå Viking. Ved hjelp av ein kile og ein lang streng lirka bilbergar Geir Andersen opp frontdøra. Dermed kunne dei fire spanjolane hente ut tinga sine, og køyre vidare med ny leigebil.

- Endeleg kan vi reise vidare. Vi skulle i grunn vore i Hoddevika i Sogn og Fjordane no, men får kanskje droppe det, seier studentane.

Hertz beklagar språkvanskar

Lasse Paulshus hos Hertz i Moss seier han beklagar at det tok så lang tid å hjelpe, men at han hadde store problem med å forstå spanjolane.

- Først laurdag forsto eg at dei budde ute, og eg sende då Viking med ein gong. Desse gutane er svært dårlege i engelsk, og eg hadde store problem med å kommunisere med dei, seier Paulshus. Han seier Hertz forsøkte å få tak i ein ekstranøkkel til bilen, og at det tok tid. Han vil vurdere å gje dei eit prisavslag etter at dei blei ståande på gata i tre døgn.

Vil tilbake

Tauar vekk bilen til spanjolane

Viking tauar bort bilen etter at han har stått parkert nesten tre døgn i Ålesund.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Men dei spanske arkitektstudentane har ikkje tatt skrekken. Dei vil tilbake til Ålesund, sjølv om dei no fekk oppleve byen på ekstra nært hald i fleire døgn ekstra.

- Vi har ikkje turt å seie noko til familien om kva som faktisk har hendt. Vi har sagt at vi er på veg til Bergen, bur i telt og har det kjempefint, ler Lucas Martinez Bellido.