Hopp til innhold

Mann omkom etter trafikkulykke i Romsdalen

Ein motorsyklist mista livet etter ein frontkollisjon med bil like ved Flatmark i Romsdalen i ettermiddag.

Ulykke Flatmark

Det var i 16- tida at ein personbil og ein motorsykkel frontkolliderte like ved Flatmark i Romsdalen, opplyser politiet.

Ulykke Flatmark

Det er svært lange køar på staden etter ulykka i ettermiddag.

Foto: Arthur Drageid

Totalt seks personar, der tre av dei er born, er involvert i ulykka.

Dei fem personane i bilen vart sendt til legekontoret i Rauma. Dei er uskadde, men prega av situasjonen.

Motorsyklisten i 40- åra vart sendt til St. Olavs med luftambulanse, men døde av skadene. Pårørande er varsla, melder politiet.

E 136 er delvis opna for trafikk. Det er manuell dirigering på staden, men vegen vil i periodar bli heilt stengt utover kvelden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL