Hopp til innhold

Sakna mann funnen død i Sunndal

Ein sakna mann er funnen død i Sunndal på Nordmøre. Mannen blei meldt sakna natt til onsdag.

Leiteaksjon i Sunndal etter sakna mann i 20-åra.

LEITEAKSJON: Fleire deltok i leiteaksjonen i Sunndal.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Mannen i 20-åra blei først meldt sakna av familien då han ikkje dukka opp igjen etter å ha forlate heimen seint i går kveld. Familien leita først sjølv, før politiet sette i gang ein leiteaksjon i 05.00-tida onsdag morgon. Frivillige frå Røde Kors, Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp deltok også i leitearbeidet.

Klokka 10.36 melder politiet at dei har funne den sakna død. Personen blei funnen ca. 500 meter frå der han budde.

– Han blei funnen ned mot elva Driva. Det er framleis uklart kvifor han har hamna der, seier Jens Dahl, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Pårørande er varsla.

Skal etterforske saka

Politiet etterforskar saka vidare for å finne ut kva som har skjedd med mannen.

– Vi gjer undersøkingar på staden no. I tillegg er kriminalteknikarar på veg for å gjere sine undersøkingar. Kanskje kan det kaste lys over kva som har skjedd med vedkomande, seier Dahl.

– Er det mistanke om noko kriminelt?

– Per no har vi ikkje mistanke om det, men det er vi håper den vidare etterforskinga kan gi svar på. Akkurat no er det eit ope spørsmål, seier Dahl.

Person funnen død i Sunndal etter leiteaksjon.

Mannen blei funnen i nærleiken av elva Driva.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ber om tips

Politiet jobbar også for å finne ut kvar mannen har vore frå han blei meldt sakna til han blei funnen.

– Også denne informasjonen er viktig for oss. Om nokon veit det eller har observert han i løpet av natta, så vil vi gjerne ha tips, seier operasjonsleiaren.

Leiteaksjon etter sakna mann i Sunndal.

Frivillige frå Røde Kors, Norske Redningshunder og Norsk Folkehjelp deltok i leitearbeidet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL