Hopp til innhold

Mann omkom i kiteulykke

Mannen som vart alvorleg skadd i ei kiteulykke på Ellingsøya i Ålesund 17. juni er død.

Det opplyser politiet.

Den døde er ålesundsmannen Kjell-Christian Krohn Dale.

To menn kita i sjøen utanfor Kverve, då den eine trefte land i stor fart.

31-åringen vart flogen til St. Olavs hospital i Trondheim, men døde seinare av skadane.

Ulykka skjedde ved midnatt 17. juni, og alle naudetatar rykte ut.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL