NRK Meny

Manglar både førarkort og respekt

Ein mann i 40-åra frå Molde har blitt stoppa tre gongar til for køyring utan førarkort. Han blei stoppa både i november, januar og mars, og mellom 1985 og 2014 er han domfelt 17 gongar og bøtelagt 10 gongar for det same forholdet. Mannen har aldri hatt førarkort og har ifølge retten også ein total mangel på respekt for vegtrafikklovgivinga, og må sone to månader i fengsel.