Hopp til innhold

Stor mangel på sjukepleiarar: – Vi balanserer på ein knivsegg

Å få tak i sjukepleiarar har blitt ei stor utfordring for mange norske kommunar. – Gjer det meir attraktivt å søke, er rådet frå sjukepleiarane sjølve.

Hanna Vadset og Marita Solli er sjukepleiarar ved Stranda omsorgssenter.

Hanna Vadset og Marita Solli meiner det er viktig å skape ein trygg og stabil arbeidsplass.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det er hektiske dagar ved Stranda omsorgssenter. Det er meir enn nok å henge fingrane i. Dei som bur her er avhengige av den jobben som sjukepleiarane gjer. Og dei gjer sitt aller beste.

Vi møter dei to sjukepleiarane Hanna Vadset og Marita Solli på jobb. Dei er glade i jobben dei har og synest dei har gjort det rette valet. Men kommunane slit med å skaffe seg sjukepleiarar.

Marita Solli, sjukepleiar ved Stranda omsorgssenter.

Marita Solli håper at fleire sjukepleiarar vil søke seg jobb i Stranda.

Foto: Trond Vestre / NRK

Og Stranda kommune i Møre og Romsdal er ikkje noko unntak. Marita Solli er fullt klar over at dette er ei stor utfordring.

– Eg tenkjer at det er utfordrande å rekruttere arbeidskraft i ei fjordarm lengst inn på Sunnmøre. Så vi må vere attraktive på andre område. Det må vere interessant å jobbe her, vi må ha eit godt arbeidsmiljø, og vi må kunne konkurrere på løn.

Balanserer på ein knivsegg

Jan Ove Tryggestad (Sp), ordfører i Stranda kommune i Møre og Romsdal.

I Stranda kommune var situasjonen i sommar kritisk, seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp)

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp) kjenner situasjonen på kroppen. Akkurat no har han hovudet over vatnet. Men i sommar var det stritt.

– I sommar måtte vi ha hjelp frå eksterne firma. Det prøver vi å unngå. Det er veldig dyrt. I framtida må vi sørge for at vi har så mange faste tilsette at vi slepp dette. Men det er lett å seie og vanskeleg å gjennomføre. Vi balanserer på ein knivsegg.

Men det er ikkje berre små bygdekommunar som slit med å få tak i sjukepleiarar. Ifølgje ei undersøking som KS har gjort, opplever 86 prosent av kommunane i landet at det er svært eller ganske utfordrande å rekruttere sjukepleiarar.

I framtida vil behovet for sjukepleiarar bli enda større fordi talet på eldre i kommunane kjem til å auke.

– Sats på fleire heile stillingar

Høyre-politiker Tone Trøen foran Stortinget.

Stortingsrepresentant Tone Wilhelmsen Trøen (H) meiner fleire heiltidsstillingar vil skape ein betre kvardag for sjukepleiarane.

Foto: Hans Kristian Thorbjoernsen / Høyre

Leiaren i Stortingets helse- og omsorgskomite, Tone Wilhelmsen Trøen (H), er sjølv utdanna sjukepleiar. Det er ikkje noko enkel løysing på dette, seier ho. Men Trøen meiner at kommunane må satse på fleire heile stillingar.

– Eg trur at mange opplever at dei står aleine med mykje ansvar. Det er ein veldig høg andel deltidsstillingar. Dersom sjukefråveret er høgt, og dei som kjem inn er ufaglærte, så kan det vere veldig krevjande for mange sjukepleiarar.

Også statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen (Ap) er klar over at dette er ei stor utfordring for kommunane. Ho har svart skriftleg på NRK sine spørsmål.

Rønning-Arnesen peikar på fleire løysingar. Det er behov for å utdanne fleire sjukepleiarar. Ein må også tenkje meir fleksibelt, og sleppe til andre yrkesgrupper, som helsefagarbeidarar. Ho peikar og på alternative turnusordningar, om delte stillingar og retten til heiltidsjobb.

Vi er i gang med å utarbeide ein opptrappingsplan for heiltid og god bemanning som skal bidra til tilstrekkeleg årsverk med relevant utdanning i omsorgstenesten.

Statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet

Men dette er også eit spørsmål om pengar. Ordføraren i Stranda er krystallklar. Får ikkje kommunane pengar blir det vanskeleg å følgje opp med betre tilbod. Og no fryktar han eit statsbudsjett med kutt og nedskjeringar.

– Vi vil sjølvsagt prøve å skjerme eldreomsorga. Men vi kjem ikkje unna kutt der heller.

Bemanningsnorm

Hanna Vadset, sjukepleiar ved Stranda omsorgssenter.

Hanna Vadset etterlyser ein fast norm for bemanning av sjukepleiarar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Men også sjukepleiarane ved omsorgssenteret i Stranda har forslag til løysingar. Hanna Vadset meiner ein bemanningsnorm kan vere vegen å gå. Det vil innebere eit lovfesta krav til bemanning.

– Det er på høg tid. Det vil sette ein standard og det blir ikkje opp til den enkelte kommune å bestemme kor mange sjukepleiarar det skal vere for kvar pasient.