Hopp til innhold

Kulda stoppar vatnet

Ei tidleg kuldeperiode og lite snø har ført til problem med vasstilførselen over store delar av landet. Og problemet kan bli verre utover vinteren.

Iskaldt i Torvikbukt vassverk.

Botnfrosen brønn på Torvikbukt vassverk på Nordmøre.

Foto: Anders Orset/Torgunn Yttervik

På Nordmøre er mange utan vatn fordi fleire private vassverk er botnfrosne

Låg vasstand

Låg grunnvasstand over store delar av landet.

Grunnvassituasjonen i Noreg per 7. desember. Dei raude felta viser at det er svært låg vasstand over store delar av landet.

Foto: Illustrasjon: NVE

Låg grunnvasstand, tidleg kulde og lite snø har ført til ein vanskeleg situasjon for vasstilførselen over størsteparten av landet.

Berre Austlandet har normalt høg grunnvasstand på grunn av ein våt haust.

– Dette er heilt uvanleg. Vi har hatt ein veldig tidleg periode med mykje frost og lite snø. Det fører til at grunnvasstanden enkelte stader er ekstremt låg. Spesielt er dette eit problem langs kysten frå Sørlandet til Nord-Noreg, seier Hervé Colleuille i Noregs vassdrags- og energidirektorat.

Blir verre

Og det blir verre utover vinteren. I alle fall om det held seg kaldt, og det blir lite snøsmelting.

– Årsaka til at folk har mista vatnet no, er stort sett frost. Men om det held seg kaldt kan vi rekne med så ekstremt låg vasstand i februar/mars at mange fleire vil miste vatnet på grunn av dårleg tilsig til vassverka, seier Colleuille.

Henta vatn frå nabobygda

Arbeid med å få i gang vatnet.

I Torvikbukt har dei arbeidd på spreng for å få tilbake vatnet.

Foto: Anders Orset/Torgunn Yttervik

I Torvikbukt på Nordmøre var bygda utan vatn i ei veke. Brønnen var botnfrosen, og vatn måtte fraktast i tankbil frå nabobygda fram til i går.

Arbeidet med å få tilbake vatnet har pågått for fullt. Eit brønnboringsfirma har bora tre 100 meter djupe hol på skrå i fjellet.

Karstein Yttervik i Torvikbukt vassverk seier dei håper å få på plass normal vasstilførsel i løpet av denne veka.

– Men det er ekstremt dårleg tilsig frå elva.

– Har du opplevd dette før?

- Eg vart formann i 1999, og har aldri opplevd noko liknande før. Folk som er eldre enn meg seier det ikkje har vore så ekstremt nokon gong i historia.

Sjå video om kuldeproblema i Torvikbukt:

Video Bygd utan vatn i fem dagar