Hopp til innhold

Kulda tok vatnet - må få hjelp frå nabobygda

I snart ei veke har bygda Torvikbukt i Gjemnes vore utan vatn. Kulda stoppa vasstraumen til det private vassverket 1. desember.

Iskaldt i Torvikbukt vassverk.
Foto: Anders Orset/Torgunn Yttervik

Redninga har vore nabobygda Batnfjorden.

Skytteltrafikk

Tankbilar med vatn har gått i skytteltrafikk sidan kulden stoppa vatnet i Torvikbukt.

Det har vore strenge restriksjonar på kor mykje vatn folk får bruke, og no er vatnet stengt heile natta.

Arbeid med å få i gang vatnet.

Torvikbukt vassverk håper dei snart har eige vatn i kranene igjen.

Foto: Anders Orset/Torgunn Yttervik

Skal sprenge laust vatnet

Men ei løysing er på veg. Sidan vatnet forsvann har eit brønnboringsfirma bora tre hol på omlag 100 meter skrått inn i fjellet ved vassverket.

Det har vore svært krevjande i kulda, men Karstein Yttervik i Torvik Vassverk BA trur folk snart kan vente deg normal vassføring i krana igjen.

– Planen er at vi skal sprenge hola med vatn i løpet av dagen, så får vi sjå om det aukar tilsiget, seier Yttervik til NRK.