Hopp til innhold

Skulen fekk 40 prosent auke i elevtalet over natta

Måndalen skule i Rauma tok imot 42 nye elevar frå Ukraina. – Om det ikkje er redninga for grendeskulen er det eit fint tilskot, seier ordføraren.

Måndalen skule i Rauma tok imot 42 nye elevar frå Ukraina

Mathias Thomasli Bruaset (i midten med blå genser) og resten av skulen tok imot 42 nye elevar frå Ukraina.

Foto: Roar Strøm / NRK

Akebakken ved skulen var i dag mykje fullare enn normalt. Til vanleg går det 96 elevar ved Måndalen skule, men no har elevtalet auka med 40 prosent.

– Det var litt rart at det skulle kome så mange, men eg synest det var kjekt å møte dei, seier Matias Thomasli Bruaset.

Han har allereie prata med nokon av dei og spurt om dei vil bli venner.

– Vi kan lære dei å prate norsk. Og vi kan sikkert lære å prate ukrainsk, trur Bruaset.

Aking på Måndalen skule

Ukrainske barn og elevar ved Måndalen skule hadde akedag for å bli kjende med kvarandre.

Foto: Roar Strøm / NRK

Har mange spørsmål

Assistentlærar Yevheniia Boboshko kom til Noreg for snart to år sidan og har lært seg norsk. Ho svarer på alle spørsmåla barna har.

Yevheniia Boboshko er assistent ved Måndalen skule

Yevheniia Boboshko kom sjølv til Noreg for to år sidan. No skal ho vere assistent i klasserommet for dei ukrainske elevane.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Eg hjelper dei å forstå kva reglar som gjeld på skulen, seier Boboshko. I dag er det kos med aking og grilling, men så snart dei kjem i gang med normale skuledagar skal dei lære norsk og lære om det norske samfunnet og kulturen. Elevane skal etter kvart bli busette i kommunar rundt om i landet.

– Det er ein kul skule, seier elev Igor Stedsjuk, som likte både akebakken og pølsene.

Noreg planlegg å ta imot og busetje 37.000 flyktningar i 2024.

Les også Utfordrande for kommunane å skaffa nok bustader

Oversiktsbilde av Glomma som renner gjennom Fredrikstad sentrum i soloppgang. Litteraturhuset til venstre i bildet.

Fint tilskot for liten skule

I november blei det opna akuttmottak for flyktningar i Rauma med plass til 400 personar.

Ordførar Yvonne Wold i Rauma

Ordførar i Rauma, Yvonne Wold, seier at det har blitt lagt ned ein stor jobb for å ta imot så mange nye elevar samstundes.

Foto: Roar Strøm / NRK

Sidan den tid har kommunen budd seg på skuletilbodet for barna.

– Vi har hatt relativ kort tid på å rigge opp det heile, men vi har tilsett lærarar, bestilt inn PC-materiell, stolar og bord og organisert busstilbod, seier ordførar Yvonne Wold (SV). Ho seier det er ein stor jobb, men folk har vore positivt innstilt for å få det til.

Det var i Måndalen det var ledige klasserom og dermed var det naturleg å samle alle i ei oppstartsklasse der.

– Om det ikkje er redninga for grendeskulen er det eit fint tilskot, seier Wold.

Bli trygge på skulen

Rektor Ingrid Renberg seier at dei ukrainske elevane skal ha eigne grupper i undervisninga, men dei skal ha friminutt saman med dei norske elevane og også besøke klasserommet deira.

– Hadde elevane blitt buande i kommunen vår, hadde vi nok tenkt annleis, seier Renberg. Ho seier det viktige no er at barna blir kjende med både språket og den norske skulestrukturen.

Men i dag handla det aller første møtet om å gjere elevane trygge og at dei skulle få ein god start.

Rektor Ingrid Renberg ved Måndalen skule tok imot ukrainske elevar.

Rektor Ingrid Renberg serverer pølse. Ho meiner det er viktig at elevane får ein god start på skulekvardagen.

Foto: Roar Strøm / NRK