Hopp til innhold

Mame var forskjellen

Mame Biram Diouf skora to på rappen.

Mame Biram Diouf.
Foto: Arne Flatin / NRK

Den første omgangen på Høddvoll vart mållaus, men Molde trykte til i andre omgang.

På ti minutt fekk moldensarane to mål og overtaket.

- Litt bittert

- Det er litt bittert, seier Hødd-trenar Lars Arne Nilsen etter kampen.

I 62. minutt kom Molde-spissen Mame Biram Diouf gjennom og sette ballen i Hødd-målet. Det same gjorde han ti minutt seinare.

- Me glipp i forsvaret, og han slepp gjennom. Like etter skjer det same igjen. Fram til då hadde kampen vore jamn, seier Nilsen.

Molde til 3. runde

Etter denne kampen går elitelaget Molde vidare til 3. runde i cupen, medan Hødd kan konsentrere seg om seriespelet i 2. divisjon.

Nilsen godkjenner likevel innsatsen laget gjorde.

- Me spelte ein bra kamp. Molde er jo også det beste bortelaget i Noreg, og me holdt dei nede lenge. Det må vere bra, sjølv om det er keisamt at me ikkje klarte å halde tritt med dei heile kampen, seier Lars Arne Nilsen.

Pape Pate Diouf og Ulrik Wingsternes.

Pape Pate Diouf og Ulrik Wingsternes i duell på Høddvoll.

Foto: Arne Flatin / NRK