Hopp til innhold

Målprisen til Tussa Kraft

Energiselskapet Tussa Kraft får Sunnmøre Mållags målpris for 2006. Selskapet får prisen fordi det i alle år har nytta nynorsk og stødd nynorsken på andre måtar. 

Tussatun
Foto: Bjørn Berge

Tussa Kraft blei skipa i 1949, og er det leiande kraftselskapet for dei sju kommunane på Søre Sunnmøre og Hornindal i Nordfjord. Det er dei same kommunane som eig selskapet.

Tussa driv i dag også med breiband og telefoni.

 

Tussa kraftverk, Bjørke i Hjørundfjorden
Foto: Tussa

Nynorsk som forretningsspråk

I grunngjevinga for pristildelinga seier Sunnmøre Mållag at selskapet i alle år har nytta nynorsk som administrasjonsmål og forretningsspråk, i demokratisk respekt for innbyggjarane og dei om lag 26 000 kundane på og utanom Sunnmøre.

All kommunikasjon med kundar og andre er på nynorsk, også fakturaer. All reklame frå Tussa er på nynorsk, det er også meldingsbladet Tussalinjer og Internett-sidene. Dessutan held selskapet kvart år språkkurs for sine tilsette.

Stiller krav

Tussa Kraft oppmodar jamt leverandørar og kundar om å bruke nynorsk. Det kvir seg elles ikkje for å stille krav, seier Sunnmøre Mållag. Såleis har selskapet fått gjennomført nynorsk omsetjing av meldingar om e-faktura frå Bankenes betalingssentral og nynorsk omsetjing av nettportalen til IT-finans.

 

Konserndirektør Elling Dybdal, Tussa
Foto: Tussa

Støttespelar

Tussa Kraft har elles vore ein økonomisk støttespelar for lokale lag og reine nynorsktiltak. Mållaget nemner særleg sponsoravtalane med Dei Nynorske Festspela og Nynorsk kultursentrum.

Målprisen blir utdelt på årsmøtet i Sunnmøre Mållag laurdag. Prisen er eit litografi av kunstnaren Ørnulf Opdahl og eit diplom.