Hopp til innhold

Målprisen 2024 til Nana Rise-Lynum

Nana Rise-Lynum frå Hjørungavåg i Hareid får Målprisen 2024. Ho er redaktør i Norsk Barneblad og har vore det sidan 1999. Målprisen er den høgste prisutmerkinga i Noregs Mållag og vert delt ut av styret.

– Takk for at du har gjort Norsk Barneblad til eit levande og aktuelt magasin som aukar den nynorske leselysta blant born og unge. Norsk barneblad er betre enn nokon gong på grunn av deg, sa Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, då han gav prisen til Nana Rise-Lynum.

Norsk Barneblad er truleg det eldste magasinet for born i verda. Det har blitt gjeve ut samanhengande sidan 1887.

Nana Rise-Lynum har fått Målprisen 2024 av Noregs Mållag. Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, stod for overrekkinga
Foto: Kristianne Marøy