Hopp til innhold

– Kjedeleg at det tar så lang tid

Studentsamskipnaden på Sunnmøre klarer ikkje å ferdigstille 150 nye studentbustader i Ålesund til neste studieår, slik planen var. – For få hyblar gjer høgskulen mindre attraktiv, meiner studentane.

Marielle Kongestøl

FOR SEINT: Student ved Høgskulen i Ålesund, Marielle Kongestøl, får ikkje glede av dei nye studentbustadene i Ålesund.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Forseinka

Jan Egset

FRUSTRERT: Jan Egset i Studentsamskipnaden for Sunnmøre er frustrert over at det tar så lang tid å kome i gang med hybelbygging i Ålesund.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Administrerande direktør i Studentsamskipnaden for Sunnmøre, Jan Egset, seier dei 150 hyblane først kan stå ferdige om halvanna år.

– Vi sit berre og sparkar grus og ventar på å kome igang.

Jan Egset, administrerande direktør, Studentsamskipnaden for Sunnmøre

For sjølv om staten har spytta inn 24 millionar kroner til utbygginga, er det lite som minner om hybelhus i bygget Studentsamskipnaden har kjøpt i Sørnesvågen i Ålesund.

Årsaka er at kommunen sitt arbeid med ny reguleringsplan for den gamle bilforretninga har tatt tid.

– Det er veldig frustrerande. Vi sit eigentleg berre og sparkar grus og ventar på å kome i gang, seier Egset.

Les også:

Lite imponerte

Fredrik Mjelde

FOR LANG TID: Fredrik Mjelde meiner det har tatt alt for lang tid å få på plass fleire studenthyblar i Ålesund.

Foto: Bjørn Ivar Voll / NRK

Og studentane i Ålesund er lite imponerte over at byggeplanen stadig vert utsett. Studentane Fredrik Mjelde og Marielle Kongestøl får ikkje nytte av det nye hybelhuset.

– Det er alt for seint. Og det er dumt at det skal gå så lang tid. Dette vil truleg også gjere Ålesund mindre attraktiv som studiestad, seier Marielle Kongestøl.

Sjølv om 76 nye studentbustadar stod ferdig ved semesterstart i år har Samskipnaden ei dekning på bustadar på berre vel 11 prosent. Dette er eit av dei dårlegaste tilboda i landet.

Leiaren i Norsk studentorganisasjon, Kim Kantardjiev, seier det er sjeldan slikt tar så lang tid.

– Ein kommune som ikkje er villig til å satse på sine eigne studentar, dei bør tenkje seg om igjen, seier han.