Hopp til innhold

Tøff utleigemarknad i Ålesund

Er du på jakt etter leilegheit i Ålesund? Du er ikkje den einaste...

Christina Tafjord

Christina Tafjord har fått barnehageplass til dottera, men ikkje bustad til dei to.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

-Eg lyg ikkje. Utleigarane seier at det ringer 30-40 personar på kvar leilegheit, seier ei fortvila Oddfrid Jonsen.

Ho bur i Stordal, men når dottera skal byrja på vidaregåande skule i Ålesund i hasut, vil dei flytte til byen begge to. I fleire månader har dei vore på utkikk etter leilegheit og dei samufarer avisene etter bustadannonser.

Fulle studenthyblar

Også åleinemor Christina Tafjord frå Sykkylven er frustrert. Ho har fått barnehageplass i Ålesund til dottera på halvanna år, men bustad finn ho ikkje. Det einaste som er ledig er hyblar.

Ved Studentsamskipnaden på Høgskolen i Ålesund, merkar dei at det er vanskelegare å finne leilegheiter. Studenthyblane er allereie fylt opp og studentane må kike seg etter private leilegheiter.

Nishani Krishnarajah
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fleire vil leige

-Vi opplever også at prisane stig, seier fadderansvarleg Nishani Krishnarajah.

Kai Westre, administerande direktør i Westre Holding, bekreftar at marknaden har blitt strammare. Ei av årsakene er at tidlegare har mange studentar valt å kjøpe leilegheit medan dei går på skule. På grunn av den stigande renta, vil alle no leige.

-Eg ventar at det vert endå vanskelegare å få leilegheit i august når skulane byrjar att, seier Westre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL