Hopp til innhold

Må konkurrere om økotilskot

Landbruksministeren vil nå målet om 15 prosent økologisk landbruk innan 2015. Konkurranse mellom fylka er reiskapen ein skal nytte.

Økologisk landbruk

Konkurranse mellom fylka skal føre til at meir areal blir brukt til økologisk landbruk.

Foto: Camilla Næss / NRK

Møre og Romsdal ligg bak dei beste fylka i landet på økologisk matproduksjon, men hevdar seg i nisjeproduksjon.

Landbruksdepartementet presenterte i dag ein handlingsplan for økologisk landbruk, der fylka må konkurrere om økostøtte.

Midsund og Sykkylven er dei to klart beste kommunane i fylket på økologisk matproduksjon.

15 prosent innan 2015

Begge kommunane har økologisk produksjon på vel 16 prosent av jordbruksarealet, viser ei oversikt frå Landbruksdepartementet som vart presentert tysdag.

Smøla og Kristiansund er på botn med null prosent i følge same oversikta. Møre og Romsdal fylke er midt på treet av norske fylke. 4,27 prosent landbruksjorda blir brukt til økologisk produksjon. Sør-Trøndelag er best med nesten det doble.

- Vi skal drive fram den økologiske produksjonen. Vi skal nå målet om femten prosent innan 2015, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

- Då er det viktigaste verkemiddelet no at vi premierer dei fylka som gjer det godt, og som ynskjer å satse på økologisk produksjon, og nedprioritere dei som ikkje ynskjer å satse på det, seier han.

Sakte sig

Dagleg leiar i OIKOS, Fellesorganisasjonen for økologisk produksjon og forbruk, Reidar Andestad, ser positiv utvikling i Møre og Romsdal.

Reidar Andestad

Dagleg leiar i Oikos, reidar Andestad

Foto: Oikos

- Møre og Romsdal har ei utfordring. Det er klart at vi bør lære av det som skjer i Trøndelagsfylka, og samstundes er det mykje positivt som skjer mellom anna hjå småskalaprodusentar her i fylket.

- Det er også ei arealutvikling i Ørsta og Midsund. Ting sig, men det sig sakte. For oss i Oikos, vil vi seie at set vi opp tempoet kan vi konkurrere om ekstra utviklingsmidlar.

For landbruksminister Lars Peder Brekk varsler økt satsing satsing på økologisk matproduksjon og vil opprette økologiske foregangsfylke og stimulere med utviklingsmidler.

- Best på ost

Fylka skal konkurrere om pengestøtte til økologisk utvikling. Reidar Andestad tror Møre og Romsdal kan hevde seg i denne konkurransen på noen områder.

- Møre og Romsdal er det kanskje fremste fylket i Noreg på osteproduksjon. Så at ein kan finne område, nisjer, som Møre og Romsdal kan bli best på innan økologisk, er mogleg. Men på volum er det ein del grunnjobbing som må gjerast framover, meiner Andestad.

No må altså fylket vise at ein vil satse, for å kunne vere med å konkurrere om tilskot til økologisk landbruk.

- Vi ynskjer å bruke konkurransen som verkemiddel for å auke produksjonen av økologiske produkt, seier landbruksminister Brekk.

- Når det gjeld å identifisere satsingsområde, og føregangsfylke, så har vi heldt på med det i ti år, og har oversikt over kven som vil og kan, difor satsar vi no på det vidare, fortel han.