Hopp til innhold

Lynnedslag førte til brann fleire stadar i fylket

Kraftig lyn og torevêr har skapt problem fleire stadar i Møre og Romsdal.

Lyn og torden

PROBLEM: Lynnedslag fleire stadar i fylke førte til brann tre ulike stadar laurdag ettermiddag og kveld. (illustrasjonsfoto).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

– Med kort mellomrom fekk vi inn melding om to brannar i vårt område i dag.

Brannsjef Lars Kjell Smoge og Norddal brannkorps fekk det travelt då eit vêrskifte skapte kraftig torevêr og lyn seint laurdag ettermiddag.

Sol og mildvêr den siste tida har skapt tørre forhold i marka, og då lynet slo ned tidlegare i dag første det til brann fleire stadar i fylket.

To terrengbrannar

Fyrst kl. 17.15 fekk politiet melding om ein terrengbrann ved Kilstivatnet i Eidsdal. Ein time seinare måtte brannvesenet i Norddal rykke ut til ein terrengbrann ved Liaheia i Stranda kommune.

– På Kilstivatnet var det ein turgåar som observerte brannen og melde den inn. På Liaheia var det eit tre som hadde tatt fyr, seier Smoge.

Han bekreftar at det er lyn som er årsaka til dei to brannane, men at dei fort fekk kontroll over flammane, og at det ikkje er fare for vidare spreiing

Garasjebrann

Også i Rindal skapte lynet problem. Ei garasje brann ned til grunn like etter klokka 20.00 i kveld. Nordmøre og Romsdal politidistrikt opplyser på Twitter at det var observert eit lynnedslag på staden og at det byrja å ryke ved garasjen like etterpå.

– Det var mykje buldring og lyn på staden før det byrja å brenne, så sjansen for at det er lyn som er årsaka er stor, seier Jørgen Holte, befal i Rindal brannkorps.

Heller ikkje der var det fare for spreiing, og brannvesenet har kontroll på brannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL