Hopp til innhold

– Draumen er sjølvsagt kun gull, men målet er tre medaljar

Søndag brakar det laus i Sveits, for då spring Olav Lundanes og det norske orienteringslandslaget den første av mange konkurransar. Dei to siste åra har Lundanes teke to medaljar i VM – no vil han ha fleire.

lundanes

Her vinn Olav Lundanes frå Ålesund EM-gull i Sverige. Den komande veka kan han ta mange VM-medaljer om ting klaffar.

Foto: Jens L´Estrade / NTB scanpix

Olav Lundanes

– Det viktigaste er å sove og slappe av, men eg ser litt film og les bøker for å kople av, seier Olav Lundanes.

– No er eg inne i ein periode der eg gjer minst mogleg. Den tøffe treninga er unnagjort. No gjeld det å samle overskot i hovud og føter.

Det seier Olav Lundanes, like før avreise til Sveits. Ei heil veke, mange konkurransar og mange medaljar å konkurrere om.

– Forma er god akkurat no, så eg gler meg til å kome i gong, seier orienteringsløparen.

Ålesundaren er alltid blant favorittane, i alle orienteringskonkurransar han stiller i. Dermed er han klar på at å kvalifisere seg er null problem.

– Det er kvalik på søndag og måndag, før det er finalar tysdag og torsdag. Stafetten er på laurdag. Kvaliken skal gå veldig greitt, men ein må vere på hogget. Det er viktig å sikre seg god startplass i finalen.

Saka held fram under bildet.

Video Lundanes vant gull

Olav Lundanes har vunne både gull og medaljer tidlegare. Her tek han imot EM-medalje.

Foto: Nyhetsspiller

Gull, gull, gull?

– Draumen er sjølvsagt gull, men målet er tre medaljar, seier Lundanes.

Målet er rett og slett å forbetre seg.

– Dei to siste åra har eg teke to medaljar. No vil eg gjere det betre.

– Men ut frå sesongen. Er det i det heile tatt realistisk med gull i alt for deg?

– Njeei, då går det over all forventning. Det kan bli vanskeleg, men eg håper sjølvsagt, seier Lundanes.

På stafetten, som avsluttar VM-et, er derimot berre éin ting godt nok.

– Vi bør absolutt ta gullet der.

– Vi blei nummer to i fjor og i forfjor, så no bør vi ta det siste steget, meiner Lundanes, som kjempar med og for Halden SK til dagleg.

Ung, men veldig erfaren

VM i Sveits blir Lundanes sitt femte, dette til trass for hans unge alder av 24 år.

– Ja, eg byrjar å bli både erfaren og rutinert. Eg har fått vore med lenge.

– Er det litt rart å tenkje på at dette blir ditt femte VM?

– Hehe, ja, det er litt morosamt å tenkje på, og det er morosamt når folk som er eldre enn meg blir omtalt som unge og lovande.

– Men det er utelukkande ein fordel at eg har vore med på mykje. Det gjev moglegheiter i åra som kjem, avsluttar Lundanes, som fortel at både foreldre og slekt tek turen til Sveits.

NRK vil ha folk i Sveits under VM i orientering, så korleis det går med Lundanes og landslaget får ein vite i løpet av neste veke.

Olav Lundanes

Olav Lundanes er alltid éin av favorittane i orienteringskonkurransar.

Foto: Søren Andersson

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL