Hopp til innhold

Lovar betydelege oppdrag til norsk verftsindustri

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) besøker måndag verftet Vard Langsten i Tomrefjord. Vard har tidlegare sagt at dei melder seg på i konkurransen om å bygge nye fregattar til forsvaret.

– Vi har sagt at vi skal ha ein nasjonal konkurranse på mange av fartøya, så det blir betydelege oppdrag til norsk verftsindustri og maritim næring, seier forsvarsministeren.

Finansiminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier nye fartøy til forsvaret er eit av dei verkeleg store løfta dei skal gjere fram mot 2036. Norge skal bruke 1635 milliardar kroner på forsvarsmål denne peroiden.

– Det skal sjølvsagt vere ein konkurranse, for det er dine og mine skattepengar det er snakk om. Men samtidig vil vi gjerne få tilbake av dei kronene til verdiskaping langs kysten vår. Vi tar ikkje stilling no, men grunnen til at vi er her er nettopp å kunne få den opne gode dialogen slik at vi kan sjå tilbake på dette om åtte til ti år og tenke at vi gjorde rette val frå starten, seier Trygve Slagsvold Vedum.

FORSVAR-Vedum og Gram på Vard
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK