NRK Meny

Lokal symjar får suksesstrenar

Ålesundsymjaren Sigurd Holten Bøen (20) skal trenast av Stig Leganger når han no flyttar til Oslo for å utvikle seg som toppsymjar, skriv Smp.no. Leganger var i si tid trenar for Alexander Dale Oen. Sigurd Holten Bøen tok sitt første NM-gull i symjing for senior sist helg, og er rekna som eit stort symjetalent.